Med halvvegspassering på 1.27.52 låg Åslaug Golf Kaardal an til ei tid godt under 3 timar, men mot slutten gjekk det tyngre og 34-åringen frå Lærdal kom i mål på 3.03.15. Det heldt til ein tiandeplass i løpet som vart vunni av den eine av dei to tyske Hahner-tvillingane.

Dramatisk innspurt
Anna Hahner brukte 2.28.59, noko som var dryge minuttet bak persen hennes. Viktigare for henne var det nok at ho tok att ei svært så sliten Caroline Chepkwony frå Kenya da berre 300 m stod att. Ved passering 35 km leia Chepkwony med over 2 minutt, men i mål var den tyske jenta 19 sekund framføre. Chepkwony har så sterk halvmaratonpers som 1.08.36. 

- Eg kan knapt tru det. Eg låg på fjerdeplass og så tok eg til å tenkje at kanskje kunne eg klare ein plass på pallen. Da eg var på andreplass, byrja folk langs løypa å skrike at Caroline hadde mest stansa opp, fortalte Anna Hahner til IAAF etter løpet. 

Beste norske mann var Lars Martin Dag Steen som sprang på pene 2.37.21 og vart nummer 26 av mennene. Han hadde 1.17.11 på første halvdel og 1.20.10 på den andre. 

I herreklassen vart det etiopisk siger ved Getu Feleke som brukte 2.05.41. Så følgde tre kenyanarar med ukrainske Oleksan Sitkovskyy på femteplass som beste europear. Vinnartida var ny løyperekord og gjer Wien Marathon til den 15. raskaste i verda. 

Motbakkeekspert
Wien Marathon har også halvmaraton på programmet, og her vart Line Granås og Thomas Martinsen best av dei norske med 1.36.22 og 1.41.01. Den kjente motbakkeløparen, Andrea Mayr frå Austerrike, vann kvinneklassen på 1.13.46 medan irske Mick Clohisey var best av karane med 1.06.30.

Løpet gjekk under fine forhold med 12 grader og overskya vêr. 42 078 løparar frå 127 nasjonar var med på ein av distansane. Til neste år går Wien Marathon den 12. april. 

Hahner_AnnaM-Vienna14_640.jpg
Anna Hahner jublar for førsteplassen i Wien Marathon. Ho blir saman med tvillingsøstera si, Lisa, trena av den italienske stjernetrenaren, Renato Canova. (Foto: VCM / Victah Sailer)
 

  Maraton menn      
1. Getu Feleke (ETH)     02:05:41
2. Alfred Kering (KEN)     02:08:28
3. Philip Kimutai (KEN)     02:08:58
4. Duncan Koech (KEN)     02:09:17
5. Oleksandr Sitkovskyy (UKR)     02:10:44
6. Ryo Yamamoto (JPN)     02:10:59
7. Alexsey Reunkov (RUS)     02:11:08
8. Wilfried Kirwa-Kigen (KEN)     02:11:42
9. Felix Kiprotich (KEN)     02:14:18
10. Sammy Kiprop-Kiptoo (KEN)     02:14:41
       
  Steen Lars-Martin-Dag M-30   02:37:21
  Ovesen Roger M-30 Würth Norge AS 02:52:08
  Osland-Sandvik Harald M-30 Sandefjord 03:08:03
  Olsen Magne M-50 Friendship Runner 03:13:45
  Solemsaunet Terje M-55 Stadsbygd Il 03:37:17
  Håkonsen Snorre M-H   03:42:39
  Stedøy-Johansen Magne M-50 Romerike Ultraløpeklubb 03:56:43
  Rogde Björn M-30   03:57:40
  Vaksdal Didrik M-H   04:07:22
         
  Maraton kvinner       
1. Anna Hahner (GER)     02:28:59
2. Caroline Chepkwony (KEN)     02:29:18
3. Lema Marta (ETH)     02:31:10
4. Alice Chelangat (KEN)     02:32:46
5. Olga Glok (RUS)     02:33:23
6. Olha Kalenarova-Ochal (POL)     02:34:19
7. Mai Ito (JPN)     02:35:15
8. Karin Freitag (AUT)     02:52:01
9. Silke Würglbauer (AUT)     03:00:37
10. Åslaug-Gol Kaardal (NOR)     03:03:15
       
  Horpestad Jane W-H Sats Lillestrøm 03:20:30
  Pedersen Line-Haug W-H   03:35:38
  Toften Mailén-Fridtjofsen W-45 Fauske Sykkelklubb 03:56:04
  Stedøy-Johansen Ingvill-Merete, Dr. W-55 Romerike Ultraløpeklubb 03:56:45
  Tollaksen Eli W-H   04:45:55
         
  Halvmaraton menn      
1. Mick Clohisey (IRE)     01:06:30
2. Christian Kresnik (AUT)     01:11:28
3. Alexander Weiß (AUT)     01:12:30
       
  Marthinsen Thomas M-30   01:41:01
  Oust Arnt M-H   01:41:33
  Galåen Bård-Erlend, Dipl. -Ing. M-35 BIL FLO KJELLER 01:47:13
  Kotte Arne-Christian M-50   01:49:52
  Eriksen Rolf M-45 Team Sats 01:49:55
  Myrvold Botolf M-65 Jutul 01:53:14
  Lyngmo Lars M-40   01:53:19
  Andersen Morten M-60 Lørenskog Friidrettslag 01:58:23
  Johannessen Børge|, Dr. M-35   01:58:30
  Tangen Per-Erik M-45 Team Sats Lillestrøm 02:00:36
  Szostak Krzysztof M-55   02:10:46
  Slettingdalen Marius M-35   02:18:39
  Stormorken Sebastian M-H   02:47:00
         
  Halvmaraton kvinner      
1. Andrea Mayr (AUT)     01:13:46
2. Malene Munkholm (DEN)     01:21:27
3. Katharina Zipser (AUT)     01:22:11
       
  Granås Line W-30 Team SATS Lillestrøm 01:36:22
  Kristen Rye M-H   01:48:09
  Undseth Mari W-30   01:53:36
  Hagvaag Ingvild W-40   01:54:52
  Tangen Karianne W-45 Team Sats Lillestrøm 01:56:14
  Bjune Siri, MA W-35   02:01:03
  Rustad Cecilie-Buck, BA W-35 Horecamarket Millum 02:01:21
  Kvæl Linda W-35   02:07:41
  Berget-Haukeland Annfrid W-50   02:07:44
  Svensrud Gry W-30   02:20:05
  Haindl Trine-M. W-40   02:22:10
  Gausdal Christine W-H   02:29:51
  Riiser Inger-Marie, Mag. W-40   02:34:06
  Berqvam Trine W-30   02:34:51
  Søbak Rebecca-Malin W-H   02:57:13


Alle resultat

Feleke_GetuWaltz-Vienna14_640.jpgGetu Feleke valsa over konkurrentane og vart teken imot på klassisk vis som vinnar av Wien Marathon. (Foto: VCM / Victah Sailer)