Rekorden som Svein Inge Buhaug sette i 2010, var på 30.43. No gjorde Marius Vedvik unna dei 9 ikkje heilt lette kilometrane på 28.38. Overraskande fort sprang òg Rune Opem som vart nummer to, berre 18 sekund bak Vedvik. 

I kvinneklassen overlevde løyperekorden til Ann Margrethe Tråve som i 2004 sprang på 36.04. No vann Kia Gemechu på 36.44 medan Tråve, som er vorti 61 år, tok tredjeplassen på 41.45. 

43 løparar sprang på tid i den 31. utgåva av Vettisløpet. Løypa går på grusunderlag i ein fram- og tilbaketrasé i Øvre Årdal. I tillegg var det ca. 200 som deltok i trimklassen. Regnvêret var nok ei forklaring på at det var ein god del færre deltakarar enn normalt. 

Loeypeprofil_Vettisloepet.jpg
Løypa har mykje motbakke første halvdel, før ein snur og spring tilbake. 


 

  Menn    
1 Marius Vedvik  IL Gular  28:38
1 Rune Opem  IL Dalebrand  28:56
2 Roy Olsen  IL Jotun  34:33
2 Jan Øyvind Bolstad  IL Fanaråk  35:22
3 Are Siljan Børset  Hydro BIL  35:49
1 Bjørn Fretland  IL Jotun  35:54
       
  Kvinner    
1 Kia Gemechu  Sogndal IL  36:44
2 Hege Lien  IL Jotun  41:31
1 Anna Margrethe Tråve  Lærdal IL  41:45
1 Anita Tveit  Neset Sprekis  44:21
2 Anne Bjørg Dalheim  ÅTIL  44:53
3 Solveig Tveit Eggum  NOTEAM  46:29


​Alle resultat


Vedvik_og_Opem.jpg
Rune Opem (til høgre) har fylt 41 år og imponerte stort med å vera berre 18 sekund bak hardtsatsande Marius Vedvik. (Foto: arrangøren)