960pk_Johan Bugge mål. Foto Odd Sindre Tonning.jpg
Johan Bugge sjekkar klokka i det han passerar målstreken på Skarsteinsetra og ser at det vart løyperekord med god margin. Til kondis.no seier Johan at han nok åpna litt for fort opp den slake motbakken i starten på bilvegen og passerte 1 km med 50 m stigning på 3:14. På mellomtida der løypa går opp frå bilvegen på bratt traktorveg ved Gildestad var Johan 14 sekund raskare enn den gamle rekordtida til Marius Vedvik. Foto: Odd Sindre Tonning

960pk_Løypetrase.jpg
Den 4,6 km lange Skarsteinsetra-Opp-løypa frå brua i Olden Sentrum til Skarsteinsetra har ei stigning på 400 høgdemeter. Underlaget er asfalt i knappe 2 km, deretter brei grusveg og traktorveg. Løypa blir rekna for å være ei lettløpt rask motbakkeløype som passar godt for gateløparar. 

Marius Vedvik, IL Gular, med pers på 13:29 på 5.000 m har dei siste tre åra vunne på ny løyperekord kvar gong: 20:21 i 2017, 20:10 i 2018 og 20:02 i fjor.  Laurdag 12. september forbedra Joham Bugge løyperekorden så kraftig at Vedvik får det tøft med å ta rekorden tilbake. Johan Bugge viser med si sterke rekordforbedring at det er nivåsforskjell i Skarsteinsetra Opp på ein spesialtrent motbakkeløpar i europatoppen og ein baneløpar som spring 3.000 m under 8 min og 5.000m under 13.30.

Johan Bugge har det beste internasjonale resultatet frå EM/VM i motbakkeløp av norske menn på seniornivå (individuelt) med EM-gull i 2015.  Av norske kvinner er det kun Anita Håkenstad Evertsen med EM og VM-gull i 2007 som har betre plassering i EM/VM i motbakkeløp enn Eli Anne Dvergsdal som vart nr. 2 i EM 2015. 

960_LarsMartinMelheim.Start.FotoHåvardTonning.jpg
Lars-Martin Melheim frå arrangørklubben Olden IL åpnar i stor fart og held stor fart heilt til topps og blir nr. 2 totalt med tida 21:42. Tida er ny klasserekord i H17-18år, og det er kun 3 løparar som har bedre tid enn Lars-Martin dei 10 åra Skarsteinsetra Opp har vore arrangert.  Foto: Håvard Tonning

Løpet i år var m.a.o 10-års-jubileum, men det vart dessverre eit amputert jubileums-arrangement pga COVID-19. Arrangør Olden IL hadde gjort grundige vurderingar om det var mogleg å gjennomføre Skarsteinsetra Opp med kun konkurranseklasse løp 100 % i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Dette grunna brei løpstrasè og endring til intervallstart med 30 sek. mellom kvar løpar. Dei valde i år å droppe både sykkel- og trimklassa. Dermed mista dei minst 150 deltakarar.

Når eg ser alle bildene frå arrangementet og får dei flotte rapportane frå deltakarar med Eli Anne Dvergsdal og Johan Bugge i spissen, så ser ein kor enormt stor og velorganisert jobb som ligg bak gjennomføringa av arrangementet. Dei hadde fortent å få meir enn 21 deltakarar på startstreken. Dei tok kanskje avgjerda litt seint om å arrangere løpet. I tillegg var det heile den siste veka før løpet dårlege værmeldingar med store nedørsmengder. Det høyrer med til historia at det hølja ned med regn fram til ein time før start. Så tok det kraftige regnet ein pause fram til dei fleste løparane hadde kome seg ned igjen til Olden sentrum. 

960pk_Alt Klart i mål.FotoOddSindreTonning.jpg
Stemningsbilde frå målområdet med regnbogen like før løpet startar. Foto Odd Sindre Tonning

960pk_AndersBugge_mål_FotoOddSindreTonning.jpg
Anders Bugge, Eidsvåg IL, som er bror til Johan spring i mål som nr. 3 på tida 21:56. Foto Odd Sindre Tonning

960pk_IsakSkogen_Mål_foto_OddSindreTonning.jpg
Isak Skogen, Vikane IL, i mål som nr. 4 totalt på tida 23:02. Isak er i kl H15-16år. Foto Odd Sindre Tonning

960_TorbjørnSande_Spurt_FotoOddSindreTonning.jpg
Torbjørn Sande, Ørsta IL med frisk spurt i mål på tida 25:19 som nr. 1 i H30-39år. Foto Odd Sindre Tonning

960_OliverNr1M13-14år_FotoOddSindreTonning.jpg
Oliver Veka Brath, Stryn T&I, i mål på tida 27:21 som nr. 1 i G13-14år. Foto Odd Sindre Tonning

960pk_AndersRød_Mål_Foto_OddSindreTonning.jpg
Anders Rød, Os OK, i mål på tida 24:38 som nr. 1 i H40-49år. Foto Odd Sindre Tonning

960pk_HelgeHafsås_start.FotoHåvardTonning.jpg
Helge Hafsås, frå arrangørklubben Olden IL, er mest kjend som den maratonløparen i Noreg som har vunne flest maratonløp. Pr. 1/1 2020 hadde han løpt 255 maratonløp og vunne 183 av dei. I Skarsteinsetra Opp vann han si klasse M50-59 på tida 26:07. Foto Håvard Tonning

960pk_GeirArve Råheim_FotoOddSindreTonning.jpg
Geir Arve Råheim, Ålesund Friidrettsklubb, i mål på tida 33:16 som einaste deltakar i kl H60-69. I denne klassa står eg i resultatlista som IM (Ikkje møtt). Eg var på veg til Olden frå Oslo for å springe sjølv og lage reportasje for Kondis.no, men kom ikkje lenger enn til Sogn der eg vart sengeliggjande i Gaupne med kraftig omgangssjuke. Difor kjem denne reportasjen 4 dagar på etterskot. Foto Odd Sindre Tonning. 

960_Brødrene Johan og Anders Bugge på nedtur.jpg
Brødrene Johan og Anders Bugge på veg ned frå Skarsteinsetra etter ein flott opptur. Foto Odd Sindre Tonning​

960pk_Jubelbilde_SkarsteinsetraOpp_FotoChrPrestegaard.jpg
Slik var stemninga på Skarsteinsetra då eg sjølv deltok siste gong i 2015. (Foto: Christian Prestegård). Slik ønskjer også arrangør Olden IL å kunne presentere Skarsteinsetra Opp igjen i 2021. Eg ser fram til å kome attende til neste år utan Koronavirus-pandemi. Det gjer også m.a. Eli Anne Dvergsdal og Johan Bugge som likte løypa og ser fram til å få høve til å forbedre løyperekordane sine.         

Skarsteinsetra Opp i 2015 var ei praktfull løpsoppleving, eit jubelarrangement, som eg formidla i ein bildereportasje på Kondis.no

For meir info og mange foto frå løpet i år sjå facebooksida Skarsteinsetra Opp

 

Resultatliste klassevis:

960pk_Offisiell Resultatliste 2020.jpg

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957