Pressemelding fra friidrettsgruppa i Hareid IL

Med ei løype på om lag 12,5 kilometer har løpet vist seg å vere noko for ein kvar smak, ikkje for kort og ikkje for langt. Løpet har altså blitt arrangert kvar haust sidan 1980.

Grimstadvatnet rundt, som også Hareid IL arrangerer, starta året etter, i 1981. Men i motsetning til Grimstadvatnet rundt, som går fire gonger kvar vinter, går Snipsøyrvatnet rundt berre éin gong i året.

- Eit breiddearrangement

Fleire som deltek under Snipsøyrvatnet rundt har det som ein fast tradisjon og deltek ikkje i andre idrettskonkurransar elles i året. Men målet til Hareid IL er at både folk frå Søre Sunnmøre og andre stader i landet og verda skal delta – same om dei er i kjempeform eller om dei berre mosjonerer ein sjeldan gong. Her er alle like velkomne!

- Dette er eit breiddarrangement for folk i alle aldrar uavhengig av form og treningsgrunnlag, seier leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling Eriksen.

Gjæve topp 20-lister

Her gjeld det altså å konkurrere med seg sjølv. Kanskje gjer du det betre enn i fjor? Kanskje er forfallet minka sidan i fjor? Eller kanskje fullfører du løpet for første gong? Kanskje klarer du å jogge alle partia sett vekk frå Ulsetbakken?

Ein kan likevel ikkje kome vekk frå at nokre deltek for å få gode tider. Og dei er jo det tradisjonelt mange av, både av lokale folk og deltakarar frå andre kantar av landet. Nedst i denne pressemeldinga legg vi topp 20-tidene både for menn og damer. Nokre har sikkert ambisjonar om å springe seg inn på dei listene.

Koronareglar

Årets løp blir sjølvsagt prega av koronasituasjonen, noko som gjer at det til dømes ikkje blir tilgang på garderobar/dusj. Ein må elles følgje einmetersregelen og andre smittevernreglar, som at det blir maks 200 deltakarar. Men ingen av smitteverntilytaka øydelegg for gjennomføringa av løpet.

Påmelding skjer på Hareid klubbhus frå kl. 12.30. Løpet startar og sluttar på Bigset, om lag  tre kilometer frå klubbhuset. Vel møtt til ein kjekk ettermiddag på rundt Snipsøyrvatnet 17. oktober!


Topplistene første 40 år (ajourført av Torbjørn Ole Johansen Frost Widnes)

Menn     Kvinner    
39:10 Skogen Oddbjørn 46:41 Pilskog Trine
40:35 Bjørdal Arild 49:14 Wennemo Oda
40:56 Innselset Knut 50:14 Brande Tonje
40:58 Nedregård Kristian 50:59 Johansen Rigmor Ulstein
41:03 Vartdal Jostein 52:08 Nesset Karete
41:18 Johansen Øystein Jarl 52:52 Hjelle Grethe
41:21 Meinseth Frank Otto 53:04 Dimmen Norunn
41:22 Galtung Hans Petter 53:46 Rognstad  Audhild Bakken
41:32 Christiansen Tom 54:00 Olsen Ingunn Eikrem
41:47 Kleppe Robert Idar 54:17 Ryste Kari-Anne T.
41:50 Bouchane Abdelkarim 54:42 Snipsøyr Vendel
41:57 Helland Magne 55:09 Vollsæter Maria
41:58 Megrund  Marcus 55:32 Holstad Hege
42:16 Vartdal Karl Johan 55:44 Håskjold Ingrid
42:23 Egset Jørn Helge 55:47 Andersen  Elise 
42:28 Breivik Jan Magne 56:21 Inselset Helga
42:28 Nedregård Svein Oskar S. 56:26 Midtflø Oda
42:38 Hurlen Steinar 56:34 Vattøy Maria
42:46 Hole Dag Arne 56:35 Dimmen Kirsti
42:50 Elvanes Odd 56:35 Seljeset Kariann

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957