Med unntak av nokre friveker i fellesferien, stiller Øystein Øvsthus og dei andre arrangørane i Mjøsdalen IL opp kvar onsdag – alltid like smilande og med ein lun kommentar på lur. Mange av deltakarane er gjengangarar som kjenner kvarandre godt, men få plassar blir utanbygds deltakarar tatt like godt imot som på Hosanger. Både mosjonistar og skarpskodde konkurranseløparar melder om ei avslappa og humørfylt stemning. Iallfall heilt fram til tidtakar Bård Hole startar feltet klokka 19, og løparane skyt ut frå den vesle gruslagde skuleplassen og nedover unnabakken mot Mjøs Metallvareindustri.
Holavatnet Rundt innbyding
Den første kilometeren er rask, men så stig pulsen i den første av to skikkeleg harde motbakkar. Deretter går løypa på idyllisk og nydeleg grusveg inn Kossdalen og rundt Holavatnet. Ein finn knapt finare plass å varma opp og jogga ned som inn til Kossdalssvingane. Dei fleste deltakarane er gåande, og når løparane halsar mot målstreken inne på skuleplassen, sit dei og kosar seg med vaflar og ein god drøs.
Det var i 1983 at Mjøsdalen IL bestemte seg for å starta opp ein trimkarusell. Sidan har Holavatnet rundt vore eit fast innslag i livet for svært mange. Det begynte forsiktig med 35-40 deltakarar i snitt dei første åra, men etter 1999 har det lagt på godt over 100 i snitt kvart løp. Rekorden var ein heilt vanleg onsdag i 2012 med 239 deltakarar. Koronaen førte naturleg nok til fall i oppmøtet, men i jubileumsåret håpar Mjøsdalen på at folk igjen skal koma i store flokkar til Hosanger Montessoriskule – både gåande og springande.
Mange sterke løparar har vore på besøk opp gjennom åra. Løypa er 3,1 km lang, og erfaring viser at folk spring rundt 1 minutt seinare enn dei gjer på 3000m bane. Den unge Gneist-løparen Stian Aarvik har løyperekorden for menn med 9.16. På dei neste plassane følgjer Øystein Engum Andersen 9.28 og Bjarte Vik 9.32.
Kondisjonssterke Rebecca Hilland har damerekorden med 10.55 – eitt sekund føre bestetida til Hilde Aasheim frå Osterøy IL.
Litt statistikk høyrer med i eit jubileumsår. Til no har deltakarane sprunge eller gått 68.654 rundar rundt Holavatnet, altså 212.874 km. Det er godt over 5 gonger rundt jorda. Det er ete over 60.000 vaflar. Og fleire skal det bli!
(Bildet: Audun Hellevang, mangeårig primus motor i Mjøsdalen. Han er fødd i 1926 og deltek framleis på Holavatnet rundt.)
Du blir ikkje flådd av å stilla til start på Holavatnet rundt. Det er folkehelse og eit ønskje om å skapa liv i Hosanger-bygda som driv arrangørane – ikkje det å tena pengar. I 1992 kosta det 2 kr for born og 5 kr for vaksne. I dag må du ut med «heile» 20 kr for eit startnummer.
I høve 40-årsjubileet lokkar Mjøsdalen med ekstra flotte premiar til dei som stiller ofte opp i karusellen. Det er premie til alle som deltek i 8 løp, og desse er med i trekkinga av ein sykkel, fiskestang og hengekøye. Løyperekord vert løna med 1000 kr.
I dag er underlaget innover Kossdalen og rundt vatnet perfekt grus etter mykje dugnadsjobbing. Slik har det ikkje alltid vore. Ove Hellevang (f. 1954) var sentral i det lokale friidrettsmiljøet, og framleis står lagsrekordane hans i sprint frå 1970-talet.
– Treningsforholda i ungdomen var ikkje dei aller beste. Me hadde ikkje bane, så me trente i Kossdalen. Men vegen var ikkje grusa slik som den er no. Det var mykje pukkstein og forskjellig. Likevel skodde me oss med piggsko med 18 mm lange piggar når me skulle ha tempotrening.
Slike forhold blir du tøff i skallen av, og mange hugsar nok Mjøsdalens sterke friidrettsmiljø og stafettlag på 1970- og 80-talet. Det vesle idrettslaget tok sju sigrar på rad i Brekkestafetten, og i 1983 vann dei Askstafetten i seniorklassen. Då vart det fest i bygda! Mange av dei gamle heltane treff du gåande eller springande rundt Holavatnet kvar onsdag.
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.
Bli medlem og få mange medlemsfordeler!
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957