Kondis har fått følgende pressemelding fra Hareid IL

- Dette er vi svært glade for. Ådne er ein av dei store idrettsprofilane frå Hareid i nyare tid. At det no opna seg ein sjanse for at han kunne springe ein 5000 meter på Hareid er noko vi set stor pris på, seier fersk dagleg leiar i Hareid IL, Ola Kalvø Vattøy. 

5000 meteren finn stad same dag som Nordvest maraton og går på Hareid stadion. Nøyaktig tidspunkt er ikkje fastsett enno, men det blir når dei fleste har kome i mål både på halvmaraton og heilmaraton. Det er heller ikkje klart kven alle deltakarane er, men det er alle svært gode løparar frå ulike stader i landet som Ådne sjølv har invitert. Det blir også eit eige opplegg med to ulike harar. 

- Dei aller fleste løpa eg hadde planlagt i år vart avlyste grunna koronasituasjonen. Då såg eg moglegheita til å kunne få til eitt eller anna løp på heimebane under Nordvest Maraton, seier Ådne Andersen. 

Og utdjupar: 

- Det at det no blir ein 5000 meter på bana som eg har lagt ned så mykje trening på gjennom så mange år er veldig stas. Måla for løpet er store, og eg har fått med meg to løparar i norgestoppen for å setje farten dei første 4000 meterane av løpet. Desse skal springe ein fart som eg eg håper gir ei sluttid på under 14 minutt, noko som er veldig ambisiøst i og med at persen er på 14,21. Men forma er bra, så det er berre å håpe på gode forhold 22. august, seier ein offensiv Ådne Andersen. 

Ola Kalvø Vattøy meiner at 5000 meteren set ein ekstra spiss på det som allereie ser ut til å bli ein fantastisk dag på Hareid 22. august. 

- Det er allereie klart at det blir beste deltaking i Nordvest maraton sidan 1997. Med nesten tre veker igjen til løpet kan også deltakartalet stige ytterlegare. Men grunna smittevernreglane kan det ikkje vere med over 200, fortel Vattøy. 

Han fortel også at 5000 meteren er eit fellesarrangement frå Hareid IL og Dimna IL. 

- Dimna IL og Arve Hatløy tek seg av ein del av den tekniske gjennomføringa under Sparebanken Møre 5000. Dei har stor ekspertise der, så det set vi stor pris på. Vi er også svært glade for at Sparebanken Møre sponsar ein del av utgiftene knytt til 5000 meteren, slik dette var mogleg å realisere, seier Vattøy. 

Ådne Andersen er fødd i 1994. Han vaks opp på Hareid og var i mange  år aktiv både med fotball og friidrett. Seinare satsa han meir og meir på løp. Då satsinga vart meir seriøs melde han seg for nokre år sidan inn i Dimna IL. 

På NM-nivå står Ådne med tre gull (800 meter inne og to på stafett ute) og to bronse på 1500 meter inne. 

I fjor overraska Ådne alle då han vann Oslo halvmaraton – i hans aller første forsøk på denne distansen nokon gong. Han kvalifiserte seg også til EM i terrengløp.  

At Ådne hadde tatt store steg viste han også i vinter då han tok ny løyperekord i det nesten 40 år gamle mosjonsløpet Grimstadvatnet rundt (22,39). 

Som alle andre har Ådne fått mykje av denne sesongen øydelagt av koronakrisa. Derfor er det ekstra spennande å sjå kvar han står i år. 

Her er forhåndsomtale om Nordvestmaraton 2020

Oslo Maraton_2019__Foto_Eirik_Førde.jpg
Foto fra Ådne sin seier på halvmaraton på Oslo Maraton i fjor. Foto: Eirik Førde