Sjølv om nokre tusen av dei påmeldte vart liggande i senga lyttande til slagregnet mot vindauga, trippar nesten 16000 deltakarar kvilelaust fram og attende i startområdet på Östermalms idrottsplats. Sjølv sit eg under tribunetaket og har mine 20 min med refleksjon over livet, havet, døden og makrellfisket medan eg knaskar peanøtter og ser tynnkledde konkurrentar dra på seg kikhoste i kuling og plaskregn før start. To tre grader kaldare, og me hadde opplevd «vadlasletta» (sidelengs sludd) i juni.
Det er lenge sidan eg avgjorde at dette er min dag, og når eg kjenner breiflabbværet på kroppen vert eg sikrare i mi sak, dette er ein perfekt sub 3-dag. Det er mykje eg ikkje kan, men eg veit litt om å fryse, korleis ein trass dyrt utstyr likevel vert fillerista av kulde i vinterfjellet, stive, ubrukelege hender og verkande negler på fingrar og tær med underlege fargenyansar. Med litt røynsle lærer ein at bak kulda ligg det ei turr ullskjorte, ein varm sovepose og kanskje noko forfriskande drikke nedst i sekken.
Starten går og eg skrid av garde med t-skjorte og kortbukse, hue, skyggehue og ein oransje søppelsekk eg finn i startområdet. Dei fine, tynne ullhanskane ligg i sekken og eg ruser av garde med nokre 10 år gamle skihanskar som etter 10k gjer nytte som kalde omslag. Etter målgang har eg fingrar av stein, og det er sjølvsagt uråd å få på seg hanskane. Når eg med hendene i trusa ruslar attende til pensjonatet ser eg at dette kunne eg ha gjort annleis.
Ballongmannsosiologi
Livet og maratonspringing har lært meg at tilværet bak ein fartshaldar kan være både inkluderande og inspirerande. Ein travar saman med folk på nokolunde same nivå, deler gleder, sorger, mål, drikkeflasker og einskilde glimt frå privatsfæren - ofte i minuttane før ein sig sjølvmedlidande saman i sokkane og sårt treng (og oftast får) oppmuntrande ord og blikk frå sidemenn og kvinner.
Slikt er det mindre av i 3-timarsgruppa der nivået og kan variere, men når treningsgrunnlaget skortar, vert det kompensert av buldrande ambisjonar bak morske blikk ein berre anar bak mørke solbriller. Gruppa er ofte stor og dundrar frametter som eit godstog gjennom drikkestasjonane. Når desimeringa tek til frå 25-30k er det få teikn til empati, men snarare ei tilfreds glede av at det vert lettare å knuffe til seg ein posisjon bak ryggen til fartshaldaren.
Difor la eg ut i det eg trudde var god margin til 4.10-fart og sikta mot ei halvmaratonpassering rundt 1:27. I denne delen av feltet har vi det sjølvsagt travelt, men det er plass til alle og rom for både kortfatta sosialisering og konsentrert kontemplasjon i sin eigen tunell. På det opne strekket langs Gärdet vart eg uroleg når eg såg 3-timarstoget rett bak meg, og når vi vendte opp mot passering halvvegs, fekk vi kulingen midt i fleisen og brått hadde eg toget i ryggen.
Som mange andre i min kategori har eg blitt teknologifisert og investert i ei pinleg dyr GPS-klokke der leverandøren innleiar med at «kunnskap er makt» og held fram med sloagans som «topp motivasjon, seriøse resultat» og «din ideelle treningspartner». Det er mange slags ulukker i verda om dagen med kriser både i EU-sonen og rettspsykiatrien, men denne feilvisinga på nær 2 min rista meg ut av rytme og balanse, og som ubeden gjest inn i eit fellesskap eg helst ville unngå. I 3-timarsgruppa var eg ein inntrengar, ein møteplagar, ein lunsjgjest ingen ville ha ved bordet. Eit skjørt og skakkjørt kollektiv basert på augnekast og albogehierarki vart utfordra av denne lange mannen som utan blygsel la seg klint oppi hekken på den eine av dei to spreke unggutane som held farten oppe.
I 15k ignorerte eg skulande blikk, svensk bannskap og knokkelkamp på tvers av språkgrenser, tilpassa meg farten og spara kreftene, kom meg gjennom nokre krampetendensar og heldt meg unna fortauskantar og alt anna ein kan snuble i. Over Vesterbron for andre gong var eg på offensiven og fekk ny kveik av den tilfrisknande vinden som no reiv godt i skjorteflaka. Ved 35k kom Karen springande med ei flaske cola-farris og eg var igjen skråsikker, dette går vegen. Ikkje lenge etter auka eg varsamt farten og la 3-timarsgruppa bak meg og cruisa til mål på 2:58:19. Jättemysigt!
Bergsvein Byrkjeland
kondis.no: Frista til å løpe Stockholm Marathon? Du trenger ikke å vente til neste år, bli med på Jubileumsmarathon. 14. juli kl. 13.48 i år går startskuddet for Jubileumsmarathon på minuttet 100 år etter at maratonløpet startet under OL i Stockholm i 1912. Det har vært fullt siden i fjor sommer, men Kondis har ledige plasser. Mer info.

B. Byrkjeland om Stockholm Marathon
Meet me in Stockholm baby
Etter to tidlegare turar til Stockholm Marathon har biletet av ei sprakande varm sol og ei løype kringsett av enorme folkemengder festa seg til minnet. Dette endra seg 2. juni 2012.
Siste medlemssaker
Annonse