17.september er det klart for den andre utgåva av Balestrand Opp. Løpet går opp til Raudmelen på 972 m.o.h. Løypa er på 5,8 km og startar framfor Kviknes Hotel, heilt i sjøkanten.

Det vert program på fredag  med Kristen Skjeldal og Anne Rudsengen. Dei held innlegg under folkehelseseminaret på fredagskvelden og deltek i løpet på laurdagen.

Vinnarane i fjorårets løp var  i Kvinneklassen sjølvaste Anita Håkonstad, og i herreklassen Sindre Hoff.

Blant sine merittar har Anita EM-gull i motbakkeløp frå 2007. Du kan lese eit intervju med henne av Ine Wigernæs her: Alltid i farta og helst motbakke..

Løpet ifjor blei ein suksess og folkefest med rundt 300 mosjonister og 89 deltakarar i konkurranseklassen. No er påmelding for løpet åpna, og du kan melde deg på HER  

Les meir om Balestrand Opp på hemesida og på  facebooksida

Slik gikk det i fjorårets debutløp:  Sindre Hoff og Anita Håkenstad Evertsen vant Balestrand Opp

Se video i Sogn Avis

 

utsyn_640.jpgFantastisk utsyn.  Foto: Erik H.

Hopp_i_Hoegda_640.jpgFoto: Erik H.

Balestarnd_logo_filter_crop.png