Forholda var fantastiske for langdistanseløp denne oktoberkvelden. Det var avslappa stemning og stort sett senka skuldrer både mellom deltakarar og arrangørar før start. Osterøy IL satsar mykje på ei profesjonell ramme kring halvmaraton, og 10 km er ein generalprøve for hovudarrangementet for den rutinerte gjengen i Osterøy IL.    

Bjarte Vik og Sigbjørn Reigstad, begge solide veteranløparar for Osterøy IL, heldt følgje på dei to første rundane. Med tider rundt 10 blank pr. runde bar farten preg av at her var begge først og fremst ute etter ei god terskeløkt dagen før avreise til treningsleir i varmare strok. På tredjerunden slapp Sigbjørn Reigstad ryggen til Bjarte Vik. Sigbjørn, som med 13.99 har den soleklart beste persen i tresteg av dei to, heldt seg sidan på respektfull avstand til den noko meir meritterte løparen.

Vinnartida blei 38.26, rundt minuttet bak orienteringsløpar Per Harald Havnen Johansens årsgamle løyperekord. Sigbjørn Reigstad roa såpass ned på farten at han faktisk måtte gje gass i spurten så ikkje han blei nådd igjen av Kristian Raknes, den tidlegare finslepne fotballteknikkaren på  Valestrand/Hjellvik. Ser ein på resultatlista med eit lokalhistorisk blikk, oppdagar ein faktisk at dei fleste mannlege deltakarane er avdanka fotballspelarar som har fått ei ny idrettskarriere som ivrige mosjonsløparar.

Annette Fitje har så god tid som 1.34.35 på Brakvatnet halvmaraton, men følte ikkje treningsgrunnlaget strakk til i år. Dermed vart det ein kontrollert siger på 10 km i staden for. På plassane vart det ein fin duell mellom Eli Simmenes Vik og Marthe Slettebakken, som førstnemnde til slutt vann.  
 

HUSK BRAKVATN HALVMARATON LØRDAG 15.OKTOBER  


SAM_1876.jpg
Klart for start Brakvatn 10 km. (Foto: arrangøren)
 

Resultater 10 km fredag 14. oktober

343 Annette Fitje 47:21.0
336 Eli Simmenes Vik 51:03.0
330 Marthe Slettebakken 51:54.0
342 Laila Borge 55:16.0
331 Monika Solberg 1:03:23.0
346 Elin Kåstad 1:19:26.0
       
334 Bjarte Vik 38:26.0
333 Sigbjørn Reigstad 39:54.0
344 Kristian Raknes 39:57.0
332 Øystein Horsås 40:23.0
340 Espen Irgens Haugen 40:26.0
339 Rune Pedersen 41:59.0
337 Gisle  Raknes 47:50.0
335 Kurt Einar Vatle 48:07.0
345 Fredrik Strand Blichfeldt 50:24.0
338 Johnny Solberg 52:27.0
341 Odd Magne Gjerstad 56:53.0
347 Rune Skår 1:19:27.0