Klart for Bjarte Viks eliteløp Laurdag 18. oktober er det klart for den 5. utgåva av Bjarte Viks eliteløp. Starten går frå den gamle handelslagsfilialen på Vik klokka 13, med forventa målgang ved Bruvik Handelslag 14 og eit halvt minutt seinare. Vik ligg ca 6,5 km frå Osterøybrua i retning Bruvik. Etterpå (ca 13.45) vert det barneløp der tradisjonelt rundt 50 ungar deltek. Alle får medalje og mange heiarop undervegs. Stemninga brukar vera stor både under barneløpet og når feltet i eliteløpet stormar den vesle unnabakken ned mot målseglet etter 5046 meter. Løypa er svært rask på svingete og idylliske asfaltvegar. Arrangørane i Osterøy IL og Bruvik IL vågar påstanden at dette er mellom dei finaste asfalt-trasèane i landet. Med vinden i ryggen kan det gå styggfort, noko løyperekordhaldarane, Kjetil Ramstad (14.24) og Stine Larsen (15.41) har bevist. Løpet starta nærmast som ein spøk i samband med 30-årsdagen til Bjarte Vik i 1999. Seinare har det utvikla seg til å bli eit av dei kvalitetsmessig beste i Hordaland, når det gjeld deltaking og ikkje minst stemning i målområdet. Halve Bruvik-bygda stiller opp og heiar folk inn. Dei siste par åra har deltakartalet sunke noko, men til årets arrangement er det håp om ny rekord. Det er spesielt lokale løparar i alle slags kategoriar som stiller. Folk har etterkvart fått augene opp for at ein ikkje treng vera eliteløpar for å delta, trass i at kanskje enkelte let seg skremma av namnet på løpet. Det å kunna jogga 5 km er meir enn nok for å slengja seg med i løpet. Nytt av året er at all startkontingent går til Osterøy Stadion, prosjektet fast dekke på friidrettsbana. Den private kronerullinga nærmar seg no 100.000 på konto. Det blir som vanleg god premiering, både til dei tre beste menn og kvinner og på startnummer. Vinnarane får flotte gensrar frå Dale of Norway. Dei yngste deltakarane (under 19 år) kjempar også om ein pris. Den lokale moromannen Arild Hjelvik er speaker og tek på sin karakteristiske måte imot eliteløparane inn mot målområdet. Publikum vert også haldne orienterte om utviklinga undervegs i løpet. Forutan Bjarte Vik frå Gjesdal IL stiller truleg klubbkamerat Terje Aggvin. Varaldsøybonden er på desperat jakt etter avløysar som kan mjølka kyrne den aktuelle morgonen. Han treng nemleg å overbevisa landslagsjefen om å få plass på laget til Nordisk Meisterskap i terrengløp 7. desember. Det same gjeld Bjarte Vik, som også pr. i dag må finna seg i å vera reserve til meisterskapet. Elles blir det mest lokal deltaking frå Osterøy og Mjøsdalen. I kvinneklassen kan det bli hard og jamn kamp om sigeren. Fleire er i god trening til vårens Holmenkollstafett, og tek eliteløpet som ei fin gjennomkøyring før frosten tek retteleg tak. Sjå også friidrettsgruppa si heimeside på internett: Osterøy IL. |
Bjarte Viks eliteløp 18. oktober
Det er klart for den femte utgåva av dette løpet, som ikkje er meir "Eliteløp" enn at alle mosjonistar vert inviterte til å delta. Det er også barneløp. Sjefen sjølv, Bjarte Vik (biletet) tek sjølvsagt turen heimatt til løpet som går frå Vik til Bruvik på Osterøy.
Siste medlemssaker
Annonse