Førehandsomtale. Mensen Ernst Minneløp (29. juni) med eventyrleg deltakarauke

Strålande vær og fantastisk stemning prega Mensen Ernst Minneløp i helga. Med 132 deltakarar i hovudløpet, 35 i barneløpet og 2 på rullestolløpet, blei fjorårets deltakarrekord slege med god margin. 

klart_til-start.jpg
Klart til start. (Arrangørfoto)

I-gang-hovedløpet.jpgLøpet er i gang. (Arrangørfoto)

Rørsleglede, personleg meistring og god stemning skal vera grunnmuren i mosjonsløpet Mensen Ernst Minneløp, som blei arrangert for 33. gong den 29.juni. Og det lukkast arrangøren med til dei grader. Det var kort avstand mellom smilande deltakarar og høge heiarop.  

Dag Einar Bøtun frå styret i Friidrettsgruppa IL Modig, ser seg godt nøgd med årets arrangement. "Yngste deltakar i barneløpet var 1 år, og eldste deltakar i rullestolløpet 97, noko som gjorde at det skilte heile 96år mellom yngste og eldste deltakar. I sjølve hovudløpet skilte det 79 år mellom yngste og eldste deltakar, og me er stolte over at arrangementet vårt appellera til folk i alle alderar." 

Glade-Barn.jpg
Glade barn. (Arrangørfoto)

rullestolklassen.jpg
Rullestolklassen. (Arrangørfoto)

RESULTATER:

 

Mot Nilen sine kjelder, kvinner:    
1 307   Evita Brenden   56:32
2 312   Kristin Hofslundsengen   57:01
3 300   Eline Bjørneklett IL Modig 1:03:21
           
Mot Nilen sine kjelder, menn:    
1 318   Stian Jårvik   46:10
2 314   Oskar Pedersen Spirit Stavanger 46:19
3 319   Kjetil Dyrvik   50:35
           
Istanbul-Calcutta t/r,  kvinner:    
1 226   Julie Kristin Ness Feios IL 29:20
2 225   Silje Bjørneklett IL Modig 33:46
3 223   Ellen Harbakk   34:10
           
Istanbul-Calcutta t/r,  menn.    
1 215   Jens Andreas Melheim Vik IL 24:49
2 220   Sigurd Stenehjem   30:09
3 211   Lars Johan Hufthammer STOREBØ 31:10
           
München-Nauplia, kvinner:    
1 144   Brita Melheim Vik IL 16:28
2 119   Thea Tenold Vik IL 19:39
3 101   Torill Nesheim HORDVIK 20:13
           
München-Nauplia, menn:    
1 137   Filip Holdhus   14:01
2 139   Nicolai Holdhus   14:53
3 112   Rune Fossum Lillesvangstu   16:14
           
Paris-Moskva, kvinner:    
1 19   Venessa Lorentzen Brenden   6:42
2 20   Signe Berge Vangsnes Feios IL 6:52
3 26   Martine Brenden   7:35
           
Paris-Moskva, menn:    
1 16   Adrian Bøthun IL Modig 6:46
2 8   Thorbjørn Fossum Lillesvangstu   7:33
3 27   Karl Rober Brenden   7:35

ALLE RESULTATER

137.jpg
Filip Holdhus vann "München-Nauplia" herrer (Arrangørfoto)

226.jpg
Julie kristin Ness vann "Istanbul-Calcutta" kvinner (Arrangørfoto)

215.jpg
Jens Andreas Melheim vann "Istanbul-Calcutta" menn(Arrangørfoto)

Eit av tiltaka for å appellera breiare, er valet om 4 ulike distansar i tillegg til barneløp og rullestolløp. Dei fire hovuddistansane består av 1,5 km, 3,5 km, 6,5 km og 12 km. I fjor var fordelinga av deltakarar ganske jamn på dei 4 ulike distansane, medan det i år var stor overvekt på 3,5km, og med færrast deltakarar på den lengste distansen. "Mange av dei som sprang 1,5km i fjor ønskte å prøve seg på 3,5 km i år, noko me tykkjer er veldig kjekt. 3,5km trur eg også er ein passeleg distanse for dei som ikkje er vand med å konkurrera eller trena så mykje til vanleg. Årsaka til nedgangen på 12 km er me litt meir usikre på, kanskje kan det vera eit resultat av at markedsføringa vår fokusera på breidda, og at me dermed har gått glipp av dei beste løparane", seier Bøtun. 

skilt.jpg
Dei ulike Mensen Ernst-distansane. (Arrangørfoto)

I 2018 hadde Mensen Ernst Minneløp eit deltakartak på 100 stk i hovudløpet, og dei plassane var utseld over ein månad før startskotet gjekk. I år hadde arrangøren IL Modig opna for 150 deltakarar i hovudløpet.

"Om eg skal setje fingeren på noko, så er det at me gjerne skulle fylt opp dei siste 18 plassane. No håpar me jungeltelegrafen går sin gang, og at me får eit fullteikna løp neste år.  Utan at me er ferdige med evalueringa, så blir nok planen å setje eit tak på 150 stk også i 2020".

Bilderesultat for il modig logoIL Modig 100 år
Idrettslaget Modig fyller også 100 år i år, utan at dette var eit stort fokus under mosjonsløpet. "Nei, hovudfokuser vårt har vore å heidre Mensen Ernst, samt å fokusera på rørsleglede, personleg meistring og god stemning.

IL Modig logoen fekk likevel pryde årets medalje saman med eit 100-års banner, samt at det var sal av jubileumstrøyer inspirert av Modig-draktene frå 1970talet" fortel Bøtun. "Me har fått mykje gode tilbakemeldingar, både på dei flotte medaljane og den gode stemninga.

Me har hatt mange debutantar som aldri har tørt å ta på seg eit startnummer før, men som føler at Mensen Ernst Minneløp er eit trygt og inkluderande løp uavhengig av føresetnadar. Dette set me stor pris på å høyre, og det er nettopp den kjensla me har som mål om å skape under løpet vårt", avsluttar Bøtun.  

medaljer.jpgÅrets medaljer.