Frå Olav S Egge har vi mottatt følgjande informasjon:

Eggenipa, 1338 m.o.h., er ein sermerkt fjelltopp i Gloppen kommune, godt synleg når ein køyrer E-39 frå Utvikfjellet og Byrkjelo mot Skei og Førde. 6 km sydover frå Byrkjelo ligg grenda Egge, og her er startområdet for både for Eggenipa Opp og for dei som elles vil til topps på Eggenipa. 

Breimsbygda idrettslag sitt motbakkeløp Eggenipa Opp, som tidlegare har vore tidfesta til siste helga i juli, vert i år arrangert søndag 30. august. Med dei snøtilhøva som har vore i fjellet denne sommaren ville det ikkje vore mogeleg å hatt løpet tidlegare. 

forehand_Raymond_Niiranen
Raymond Niiranen i øvste del av løypa. Foto: arrangør
 

Eggenipa Opp har ofte vore omtala som eit spektakulært motbakkeløp. Det spektakulære ligg vel i at både løypa og utsikta til tider er ”bratt”. Bratte parti er ikkje det same som uframkomeleg, turen på Eggenipa er for folk flest – og utsikta er storslagen.

Starten er ved den kjende Eggenipasiloen på Egge. Det var i 1989 at ein bonde på Egge, etter inspirasjon frå eit fransk veggmåleri, hyra inn ein lokal kunstnar for å dekorere ein naken silo. Nesten litt spektakulært det også, og ein heilt naturleg startstad for Eggenipa Opp.

Forehand_Siloen_640x427.jpeg
Eggenipasiloen heilt nede ved riksvegen som går gjennom Våtedalen. Foto: arrangør

Forehand_Buer_Sundbye
Fjorårsvinnarane, May Britt Buer og Øyvind Heiberg Sundby. Foto: arrangør
 

Det første Eggenipa Opp vart arrangert i 2005. Gjeldande løyperekord er frå 2008 og er på tida 47,26 minutt, den tilhøyrer legendariske Jon Tvedt frå Fana. Diverre vart dette hans første og siste Eggenipa Opp, då han miste livet under ein treningstur i januar 2009. Mestvinnande på herresida er Øyvind Heiberg Sundby frå Tjalve med tre sigrar og Roger Aa Djupvik frå Hyen il med to sigrar. Arve Rindal, Joel Dyrhovden, Thorbjørn Ludvigsen, Øystein Sylta og Jon Tvedt har ein siger kvar.

På kvinnesida tilhøyrer løyperekorden May Britt Buer frå Gular med tida 55,53 minutt frå fjorårets løp. Ho har delteke fem gonger og har vunne kvar gong, og er såleis den som har flest sigrar i dette løpet. Merete Helgheim frå Gloppen friidrettslag har fire sigrar.

Sjå samlesider for Eggenipa Opp

Sjå arrangementet på terminlisten

Meir informasjon på www.breimsbygda.no 

Påmelding konkurranseklasse innan torsdag 27. august til Breimsbygda il v/ Olav S. Egge, 6826 Byrkjelo, tlf. 958 44 916. E-post: olav@breim.no