Elin Nilsen kan med rette kallast Skarvedronninga etter at ho tok sin ellevte siger. Sjølv om ho offisielt la opp for fleire år sia, var ho minst like overlegen som da ho satsa for fullt. At formen ikkje har tapt seg nemneverdig, viste ho òg under tremila i NM der ho overraskande slo heile Noregseliten.

Kristen Skjeldal har tidlegare vori på både første-, andre- og tredjeplass i Skarverennet, og vossingen hadde ingenting imot å gå til topps for tredje gong.

- Eg er svært nøgd med at eg klarte å gå frå Lars Berger. Dei to gongene vi har møttest før i vinter, har han vori først, uttalte Kristen etter målgang. På tredjeplass følgde Ole Einar Bjørndalen, men han var over to minutt bak. Vinnaren av både Vasaloppet og Marcialonga, Anders Aukland, endte på femteplass og turrennspesialist Jørgen Aukland på åttandeplass.

Kristin Skjeldal gir seg for øvrig ut på eit nytt langt renn 22. mai. Da blir det bryllaup på Bulken med Kristen i ei av dei to hovudrollene.

Les meir i Aftenposten

Alle resultat på heimesida til Skarverennet