Petter Andersen, Aktiv SK Odd Borgersen, Geithus IL Håvard Bøkko, Hol IL Henrik Christiansen, Asker SK Eskil Ervik, Hamar IL Øystein Grødum, Arendal SK Rune Stordal, Geithus IL Lasse Sætre, Sand IF Even WettenHamar IL Annette Bjelkevik, Arendal SK Hedvig Bjelkevik, Arendal SK Maren Haugli, Jevnaker IF Siste sesong 2004/5 var laget på opptur med m.a. to VM-gull på enkeltdistansar ved Even Wetten på 1.000m og Rune Stordal på 1.500m. Øystein Grødum vann verdscupen på langdistanse.Skøyteløparane trenar mykje både på sykkel og i å gå/ løpe/ hoppe i trappetrinn og bratte motbakkar.. og det er nettopp det Fanaråken Duatlon handlar om. Difor blir det spennande å sjå om nokon av skøyteløparane kan gje motbakkespesialistane Arne Post og Odd-Bjørn Hjelmeset kamp om sigeren. I fjor blei Fanaråken Duatlon vunne på ny løyperekord ( 1t. 51 min) av 21-åringen Arne Post som er på det norske EM-laget i motbakkeløp (Post blei dobbelt verdsmeistar i vinter-triatlon, i 2002 for junior og i 2003 for ungdom. I 2001 blei han Noregsmeistar i Duatlon for junior. Post blei i fjor også årets superbirkebeiner med samanlagt siger i dei tre konkurransane som inngår; Rennet, Rittet og Løpet) . I år vil også den suverene vinnaren ( og løyperekordhaldaren) av Skåla 1848m rett opp, skiløparen Odd-Bjørn Hjelmeset stille opp i Fanaråken Duatlon. Det same har den sterke syklisten Knut Anders Fostervoll ( tidl. elite fotballspelar ) . Mange av noregs fremste utøvarar i ulike kondisjonsidrettar som 14 dagar tidlegare skal delta i NM motbakkeløp i Skåla 1848 m rett opp , den 13. august, har også meldt si interesse for å delta. Nivået i år blir svært høgt. Arne Post har også meldt seg på til Skåla 1848 m rett opp for å kjempe om samanlagt prisen ( TERRA-prisen) på kr. 10.000,- for Skåla 1848 m rett opp og Fanaråken Duatlon. TERRA-prisen blei i fjor vunne av skiskyttaren Hans Martin Gjedrem som i år blei norsk meistar i 20km skiskyting. . Dersom ein og same løpar vinn Skåla 1848 m rett opp på ny løyperekord og Fanaråken Duatlon vil vedkomande kunne innkassere kr. 40.000 i pengepremiar. I Fanaråken Duatlon er det deltakarbegrensing på 300 i konkurranseklassane . Pr. 30. juni er det allereie 100 påmelde . Fristen er 1. august el. når det er fullteikna. Sjå www.fanaraaken.com Motbakkeløp er i vinden som aldri før ! Skåla 1848 meter rett opp sette i fjor ny deltakarrekord, tredje året på rad, med 908. Sjå www.skaala.no. Og nykommaren Fanaråken Duatlon med Mosjonsløpet / Toppløpet Turtagrø - Fanaråken Opp fekk 225 deltakarar. Målt ut frå fjorårets popularitet og aukande interesse frå nye deltakargrupper på alle prestasjons- og ambisjonsnivå ser 2005 ut til å kunne bli eit nytt år med opptur og nye deltakarrekordar . Sjå Samlesida for Fanaråken Duatlon på kondis.no Kontaktpersoner: Hovedarrangør IL Fanaråk: Løpsleiar Anders Fortun. Tlf. 91 87 00 44 (a-fortun@online.no) Medarrangør Kondis: Visepresident Christian Prestegård. Tlf. 99 52 11 99 ( cp@terra.no). |
Fanaråken Duatlon 27. august
Skøytelandslaget
Siste medlemssaker
Annonse