Rett Vest vart arrangert første gongen i 1978 med eldsjela Jens Wollebæk som initiativtakar. Etter det har det vorti sprungi mange mil langs vegane i Florø-området. Lenge var løpet eit A til B-løp der alle sprang, som namnet indikerer, rett vestover med felles målstrek på Florø stadion. No er det både start og mål inne på tartanbanen. 

Vanlegvis har maraton vori den lengste distansen i Rett Vest, men i år er den vorten avlyst. Halvmaratonløparane spring to turar i 10 km-løypa pluss godt og vel to og ein halv runde ekstra inne på banen. 

Florø Maraton Rett Vest er eit Kvalitetsløp, og Kondis-medlemmar får rabatt på startkontingenten som går opp ved midnatt i kveld. Per no er 13 påmeldt halvmaraton, 41 er påmeldt 10 kilometeren og 16 har signert seg for 5 km. Både 5 og 10 kilometeren har ein eigen mosjonsklasse i tillegg til konkurranseklassane. 27 unge sprekingar er påmeldt til barneløpet. 

Start barnelõpet-1.jpg
Barneløpet i Rett Vest er populært. (Foto: Jan Grov) 


Helge Hafsås var i mange år ein sikker vinnar av heilmaratonløpet i Rett Vest. (Foto: Tom Roger Johansen) 


Meir info på Florø Maraton Rett Vest si Facebook-side

 
Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957