Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgVel og bra kan ein seie, og da Marit Bjørgen vart intervjua om saka, syntest ho forbodet var heilt på sin plass, sjølv om ho var redd at det ville vera vanskeleg å kontrollere.

Det verken Bjørgen eller leiarane i Skiforbundet vart spurt om, var korfor forbodet ikkje skulle gjelde dei vaksne. Er det mindre ille at vaksne forureinar naturen med kjemikaliar enn at ungar gjer det? Er det viktigare at dei vaksne har perfekt glid på skiene enn dei unge? Dersom det er feil at pengane avgjer resultata i barneidretten, er det da ok at enda større summar avgjer plasseringane i vaksenidretten?

Om ein vil gjera noko med utstyrshysteriet og forbruket av giftige kjemikaliar i skisporten, så må ein sjå på kven det er som set standarden. 14-åringane har ikkje byrja å utruste seg med åtte par ski og koffertar full av fluor heilt av seg sjølv. Det har dei lært av dei vaksne, og i aller størst grad av eliten. Så lenge landslaget får køyre rundt med ein diger smøretrailer, er det ikkje så rart at kretslaget fyller opp ein smøre-SUV.

Naturen skil ikkje på om dei giftige kjemikaliane kjem frå vaksen- eller barneski. Men for ungane ville det hatt ein veldig effekt om dei vaksne var solidariske og påla seg sjølv dei same restriksjonane som dei  vil påleggje ungane.

Eg trudde den tida var forbi da røykande vaksne fortalde ungane at dei for del all ikkje måtte begynne å røyke. Men nei, i idretten eksisterer «gjer som eg seier og ikkje som eg gjer-haldninga» framleis.

Toppidrettsutøvarar er førebilete for dei unge enten dei vil eller ikkje. No kunne dei slegi to fluger i same smekken:

1. Vori solidariske med naturen, ungdommen og framtida ved å bli med på kjemikalieforbodet.

2. Bidratt til å berge den klassiske stilen ved å gi alle kollektivt dårlegare glid. For det er ganske så ironisk at forbundet bruker millionar på smurning og glidprosjekt samtidig som dei bekymrar seg over at det blir staka opp bakkane på ski som glir så alt for godt. Med fluorforbod ville behovet for stakefrie sonar iallfall vorti litt mindre.

Enda meir effektivt – og lettare å handtere – ville det bli om ein ganske enkelt innførte eit generelt forbod mot glidsmurning. Ski mot snø kan fungere fint – for både store og små.
 

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5 - 2017