Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgSomme er redd for at dei unge lovande skal bli haussa opp for tidleg og for mykje. «Det er ikkje no det gjeld – vi må tenkje langsiktig.» Andre køyrer dei meir enn gjerne fram i det sterke rampeljoset som strøymer ut frå både tradisjonelle og sosiale medium.

På dei fleste vegane som leiar gjennom livet, er det grøfter på begge sider, og det er heilt klart mogleg å leggje for store forventningar på unge skuldrer. Idrett blir tidsnok alvor – om ikkje vi som vaksne skal bidra til å flytte alvoret ned til dei som knapt er konfirmert.

Likevel er det gjerne dei som heile tida understrekar at det gjeld å tenkje langsiktig, som står for det største alvoret. For med ei slik haldning så blir det ikkje nok å ha det kjekt og gjera det bra her og no. Det viktige blir å vera så strategisk og seriøs at ein vil bli knallgod om ti eller femten år. Å skulle stake ut livskursen for andre enn seg sjølv er etter mi meining noko ein bør vera forsiktige med.

Sjansen for å bli løpestjerne som vaksen – nasjonalt eller internasjonalt – er liten sjølv om ein er av dei aller beste som 12- eller 15-åring. Og den er heilt klart ikkje noko større om ein ikkje er god tidleg i tenåra.

Men spring ein fort som tenåring og har det kjekt med idretten, så mister ikkje det verdi sjølv om ein ikkje skulle bli god som vaksen. Dersom ikkje idrettssatsinga skulle vare, så har ein vonleg funni noko anna artig å halde på med.

Somme er gode i idrett tidleg i livet. Andre startar å springe seint og imponerer som veteranløparar. Men dei gode veteranprestasjonane blir ikkje mindre verdt sjølv om dei som står bak dei, ikkje hevda seg som seniorar. Like lite blir gode ungdomsresultat devaluert om dei ikkje leiar mot ein større sigerspall i vaksenlivet.

Det er ikkje noko merkeleg eller kritikkverdig at somme blomstrar tidleg og at andre gjer det seint. Ikkje mange av plantane i hagen til mor mi stod i full flor sommaren til endes. Men til saman skapa dei eit mangfald som gjorde det fargerikt og fint å vera der, frå snøen fór til han kom på nytt.

Dei sjansane som har gått oss forbi, nyttar det ikkje å sørgje over, og ingen av oss har nokon garanti for kva framtida vil bringe. Det viktigaste blir difor å glede seg over dei gode dagane når dei kjem til oss, enten det skjer tidleg eller seint i livet. Og driv vi med idrett fordi vi likar det, så vil vi ikkje slutte sjølv om det skulle vise seg at spensten ikkje held til å hoppe på verken VM- eller NM-toget.


Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6 - 2017