Av pressemelding
Våren nærmar seg og det er no kun 3 månader til Geiranger frå fjord til fjell laurdag den 11.juni! I fjor arrangerte vi i slutten av august, men vi er glade for igjen å kunne invitere til sommar ved fjorden og høge brøytekantar i fjellet som rammer for motbakkearrangementet vårt.
Løypa går som før frå Geirangerfjorden og opp til Dalsnibba på nesten 1500 m over havet, og vi byr på:
- Nibberittet (21 km) og trimklasse på sykkel (5 eller 21 km)
- Nibbeløpet (21 km) og trimklassa Nibbemarsjen (5 eller 21 km).
- Nibbeløpet Mini på 4 km med mål på Flydalsjuvet.
Kontingenten for Nibbeløpet og Nibberittet er rimeligst dersom du melder deg på seinast 10.mars, så kast deg rundt og meld deg på i dag!
https://signup.eqtiming.com/?
Meir informasjon finn du på www.frafjordtilfjell.com
Nibbeløpet. Foto: Martin Hauge-Nilsen.
Mye snø i 2015. Foto: Martin Hauge-Nilsen.
Tandem. Foto: Martin Hauge-Nilsen.
Fatebike. Foto: Martin Hauge-Nilsen.
Utsikt fra Dalsnibba. Geiranger langt der nede. Foto: Martin Hauge-Nilsen