Høye brøytekanter under Nibberittet i fjor. Foto: Helge Fuglseth
Geiranger opna den vinterstengte vegen til Dalsnibba for eit par veker sidan og mange har allereie vore på treningstur opp alle dei 21 km og 1500 høgdemeterane. 15.juni kan motbakkeelskarar enten sykle Nibberittet, springe Nibbeløpet eller gå i Nibbemarsjen her og vi garanterer flott natur, ein sliten kropp og ei fantastisk oppleving! Så langt er det 624 påmeldte.

Her har Oddny RIngheim knipset Thorbjørn Ludvigsen på vei opp mot løyperekord i Ulriken Opp 25.mai i år.
Norges beste motbakkeløpar dei siste åra, Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, stiller i Nibbeløpet for første gong. Han er kjent for å vere spesielt god i teknisk vanskelige løyper, så det blir spennande å sjå korleis det går i den jamne stigninga opp til Dalsnibba. Løyperekorden til Hans Martin Gjedrem er på 1.28.57 frå 2009 og det er 10 000,- i bonus for ny løyperekord.
Nibbedobbelen er for dei ekstra spreke. Først så skal ein sykle heile løypa opp om morgonen, og så spring den litt seinare på dagen - dobbelt opp og kun for dei sprekaste. Her er det p.t. 24 påmeldte.
For dei ikkje fullt så trente anbefaler vi sykling og Nibberittet. Alle mosjonssyklistar kan fullføre Nibberittet, men dette er ei løype som skiljer brutalt. Løyperekorden er på 1.03.39 (Alt Roger Holme, 2009), som tilseier ei gjennomsnittsfart på imponerande 19.8 km/t. Løypa i Nibberittet toler glatt ei samanlikning med dei hardaste stigningane i Tour de France, sjå grafikken under.
Skulle det friste med endå meir fjell så inviterer vi på skitur til nabofjellet Blåtind dagen etter.
Hovedarrangementa i Geiranger frå fjord til fjell:
Kl 08.30 Start Nibbedobbelen ( sykkeldelen) Startliste
Kl 11.30 Start motbakkeløpet Nibbeløpet Star tliste (inkl. løpsdelen i Nibbedobbelen)
Kl 12.45 Start motbakkerittet Nibberittet Sta rtliste