Gildreskreløpet - nytt løp i Sogn og Fjordane?
Eit terrengløp? Namnet vitnar om utmark, og ein stad folk bør passa seg, vara føtene sine vel. Gildre tyder nemleg ei felle for dyr, t.d. ei bjørnefelle med ladde gevær (sjølskot). Og ordet skre, vitnar om rasfåre.
Eg samanlikna med resultatlista frå Blomstringsløpet i Leikanger fredag 23. mai. Somme namn figurerte på begge. Folk frå heile landet. Deltakarane står oppførte med fylke etter namna sine. Damer og menn. Folk frå Statens Vegvesen og Mesta. La merke til ei sørlands-dame på lista, ei som tok heilt pusten frå meg i innspurten - i dobbelt forstand - på Blomstringsløpet. Her var kjende folk og. Trond Sundby - som ikkje er vegvesen-mann, men byråkrat i fylkeshuset, råsterk i motbakkar. Per Birger Lomheim - hafslo-mann på vegkontoret i Leikanger, idrettsveteran på ski. - Eg ringde, til Lomheimen.
- Ser du har vore med i Gildreskreløpet? Kva i verden slags løp er dette? Eit dagen-derpå-løp for vegfolk etter etatsmeisterskapsløpet, Blomstringsløpet?
Motbakke-løp, går oppover! Det er vegetaten sitt terrengløp, fortel Lomheim, men andre kan vera med og. Tidlegare har vegfolka hatt terrengløpet sitt i Fjærland, men sprang dette året i motbakkane frå Årøy (i Sogndal kommune, inst i Sogndalsfjorden), opp til garden Åkrevik - der den "vakraste bygda i verda", Hafslo, kjem til syne.
Lomheim var rette mannen å snakka med. Han hadde halde "apell", både før start og etter innkomst. Hadde fortalt om Årøy kraftverk, om den gamle vegen løpet går på, om Futaspranget og Helvetesfossen i Årøyelva, og sjølvsagt om Hafslo.
Han er bra fornøgd med eigen innsats og kjem kanskje til å stilla opp i Hafslo sitt eige mosjonsløp, Mollandsmarki Rundt, søndag 15. juni. Og elles så trur han det kan bli eit nytt Gildreskreløp neste år og.
Hm! Så det var Gildreskreløpet. Terrengløp i motbakkar. Det står berre att å koma med eit ynskje: At vegfolka kunngjer Gildreskreløpet litt betre neste år. Terrengløp ser nemleg ut til å vera i vinden for tida, jfr. Vikjamili 2003 for ei tid sidan.
PS !
Vi viser til resultata som er komne på sida tidlegare.

Siste medlemssaker
Annonse