Påmeldingstallet passerte torsdag kveld 6100 løpere. Trolig vil rundt 2000 etteranmelde seg fredag, lørdag og søndag i Norhordlandshallen i Knarvik slik at antall påmeldte ender opp rundt rekorden på drøye 8000 påmeldte. Startnummerutdeling og stor sportsmesse åpner fredag kl. 16.00.

Vi har sakset det meste nedenfor fra arrangørens presentasjonen av eliteløperne i årets Knarvikmil.

 

Dei største namna i Xtrem-løpet går fredag 2. september:

Stian_Angermund_VIK_foto_CP.jpg
Favoritt: Norges beste fjell- og motbakkkeløper de siste årene, Stian Angermund-Vik, viste styrke i Skåla Opp for 14 dager siden hvor han utklasset hele norgeseliten og deler av verdenseliten. (Foto: Christian Prestegård)


Stian Angermund Vik, Varegg
Stian er norgesmester i motbakke fra 2014 og 2016 og dobbelt verdensmester i Skyrunning i 2016 . I 2017 vart han nr. 2 i NM i motbakkeløp og har vunne fleire internasjonale motbakkeløp.

Sverre Slethaug
Sverre er veteranen blant eliteløparane i feltet. Han har delteke i Xtremen fleire gongar før og kan visa til 2. plass i 2013 og 2014. Sverre er ein sær dyktig Ultra-fjelløpar og har vunne UltraBirken og representert Norge i VM .

Ketil Monssen
Ketil hevdar seg i toppen på det han deltek i av bakkeløp. I 2017 vart han nr. 3 samanlagt i Norgescupen i motbakkeløp.

Thomas Fenne
Skiskyttaren frå Voss har NM-gull i sprint frå 2016 kor han slo Emil Hegle Svendsen med heile 38 sekunder. Kan eit av Norges største skiskyttartalent ta opp kampen mot dei beste bakkeløparane i verda?

Eli Anne Dvergsdal, Gular
Eli Anne er ein lokal toppidrettsutøvar som har følgjande merittar: EM-sølv motbakkeløp 2015 -Norgescupvinnar samanlagt 2015 -NM-sølv terrengløp 2015, NM-gull 3000 m innendørs 2016, NM-gull terrengløp 2016, NM-gull terrengstafett 2016, NM-gull motbakke 2016 og deltok i EM i friidrett på halvmaraton i 2016.


3J6A0232.jpg
Årets norgesmester: May Britt Buer runder 40 år i november, men er likevel tilbake helt i norgestoppen i motbakke etter et langt opphold. (Foto: Arne Dag Myking, Kondis) 

May Britt Buer
May Britt Buer frå Odda, representerar IL Gular og vart I år norgesmester i motbakkeløp for 4. gong. Forrige gong var i 2012. I motbakke er May Britt heilt rå, medan Eli Anne Dvergsdal er noko raskare på flatt underlag. Korleis vil dette slå ut i Xtrem terrenget i Knarvik?

Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen løpeklubb 
Anita er vår lokale store profil. Anita har etablert seg i den ypparste noregseliten dei siste åra. Ho vann Xtremen lang løype i 2016. I 2017 vart Anita nr. 2 i Norgescupen i motbakkeløping og nådde ein flott 3. plass i Norgesmesterskapet.

Sara-Rebekka Færø Linde
Sara er vår andre lokale store profil. Med sin siger i Bergen FjordTur 2017 og gode prestasjonar i ulike gateløp seglar ho opp som kandidat til å kjempa heilt i toppen.


 

3J6A7543.jpg
Norgesmester: Zerei Kbrom Mezngi, 31 år, startet å løpe etter han kom til Vadsø som asylsøker for noen år siden. I vinter dro han til Stavanger, fikk dyktige trenere og har hatt en oppsiktsvekkende framgang. I NM imponerte han med 13.49 på 5000 m og 28.56 på 10 000 m, som han vant klart. (Foto: Arne Dag Myking, Kondis) 

Dei største navna på 10 km som går lørdag 2. september

Originaldistansen i KnarvikMila har alltid trekt til seg store namn med både internasjonale og nasjonale profilar. So og i 2017. Det vert spesialt spanande å følgja følgjande utøvarar:

Lars Erik Malde, Skjalg
Lars Erik har ein så sterk pers som 29.43.93 på 10000 meter på bane. Han har og løpt 14.08 på 5000 meter.

Ørjan Grønnevig, Skjalg
Ørjan har delteken på KnarvikMila fleire gonger og vant halvmaraton i 2013 og 2014. Han vart nordisk meister i terrengløp i 2016 og har representert landslaget ei rekke gonger. Hans personlege rekord på 10000 meter bane er 29.33. Ørjan er nr. 3 på årets gateløpsstatistikk på 10 km med 29.36 i frå Egersund tidleg i vår.

Zerei Kbrom Mezngi, Skjalg
Zerei er nybakt norgesmester på 10000 meter bane, som gjekk av stabelen i Sandnes forrige helg, på den sterke tida 28.56. Dette gjer Zerei til favoritt på KnarvikMila sin originaldistanse. Zerei vart og nr. 3 på 5000 i NM på tida 13.49.

Okubamichael Fissehatsion, Tjalve
Okubamichael vart nr. 3 i NM på bane 10000 meter i år på den sterke tida 29.10. Dette var same tid som han hadde under NM på Askøy i 2016.

Senay Amlesom Fissehatsion, Tjalve
Senay vann dobbelt i KnarvikMila 2016, på halvmaraton og på 10 km. Senay har ein så sterk 10 km gateløpspers som 29.10. Senay er nr. 4 på årets norske gateløpsstatistikk på 10 km.

Sondre Øvre Helland, Viking
Sondre er eitt av våre lokale håp på 10 km distansen. Sondre har vunnet ei rekke gateløp i bergensområdet og i vår vant han Bergen City Maraton på tiden 2.38.53.

Halvdan Emil Færø, Varegg
Halvdan representerer Varegg, men har sitt opphav i Nordhordland. Halvdan har ein personlig rekord på 10000 meter på 31.04, og med denne tida er han ein kvalitetsløpar som vi vil sjå oppe i toppen på «Mila»

Marthe Katrine Myhre, Gjørvik Friidrettsklubb
Marthe Katrine kjem frå Gjøvik og har vore fleire gongar i Knarvik og føler seg heime her. Ho omtalar KnarvikMila som eit av dei aller beste løpsarrangementa i Noreg. Marthe Katrine er ein toppidrettsutøvar med mellom anna trippelseier i Birkebeinertrippelen tre år på rad. Ho har 4 noregsmeister titlar på maraton, 2011, 2012, 2015 og 2016, 2 noregsmeistertitlar på halvmaraton. Hausten 2012 debuterte ho på landslaget under nordisk meisterskap i terrengløp med ein 11 .plass. Ho har ein 3. plass i Nordisk meisterskap på maraton i 2015 og deltok i VM-halvmaraton i mars 2014.


maraton_damevinner_F6C8412.jpg
Firedobbel norgesmester: Her løper Marthe Katrine Myhre inn som vinner av Oslo Maraton og som NM-vinner i fjor på gode 2.43.31. Det er den beste vinnertida siden Oslo Maraton ble restartet i 2004. Hun løper både 10 km og halvmaraton i Knarvik, og er blant favorittene på begge distanser. (Foto: Per Inge Østmoen, Kondis)


Eli Anne Dvergsdal, IL Gular
Sjå presentasjon under Xtremen.

Eli Anne er med sin personlege rekord på 10.000 meter på 34.30 ein utfordrar til Marthe Katrine som har pers på 35.47.

Runa Skrove Falch, SK Vidar
Runa har i 2017 sprunge 10 km på 34.17 på landeveg. Ho har ei bestetid på 33.44 på 10000 m på bane og deltok i EM 2014 på 10000 m. Året før vann ho NM på 10000 m. Ho har sprunge 5000 meter på 16.11. I år har Runa hatt ein sterk vårsesong og er i år Noregs klart beste løpar både på halvmaraton med 1.14.14 og på maraton med 2.36.48.



Dei største navna på halvmaraton - går søndag 3. september

10km_Dronning_Maudsgt_Senay_Fissehatsion_4S7A2404.jpg
Favoritt: Senay Amlesom Fissehatsion er klar favoritt på halvmaraton om det ikke kommer nye storløpere på startlista. Han ble i fjor vinner av både 10 km og halvmaraton på sterke tider i Knarvikmila. Bildet er tatt i årets Sentrumsløp hvor han tok andreplassen. 


Senay Amlesom Fissehatsion, Tjalve
Sjå presentasjon på 10 km

Michael Ande Tesfamichael, BUL
Michael er ein løpar som troleg vil plassere seg blant de ti beste.

Sondre Øvre Helland, Viking
Sjå presentasjon halvmaraton

Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Friidrettsklubb
Sjå presentasjon på 10 km

Eli Anne Dvergsdal
Sjå presentasjon under Xtremen.