Melding frå arrangøren:
​Det vart oppskriftsmessig siger til Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, men våte og sleipe løyper gjorde sitt til at vinnartida vart 45 sek bak fjoråret. Joel Dyrhovden vart nr 2 og på plassen bak følgde Sindre Hoff.

I dameklassa imponerte Elisabeth Hildenes frå Nordfjordeid stort og tok ein ganske klar siger på 33,48 framfor førehandsfavoritt Merete Weng som avslutta på 34,37. På tredjeplass kom Anita Håkenstad Evertsen på 36,09.

I år hadde vi truleg det verste vêret nokonsinne så då er vi godt fornøgd med over 350 fullførande deltakarar, derav 103 i konkurranse.

Les meir:
Heimeside Vetenløpet
Facebook
Samleside
NRK S&Fj