
Dei heldige som får vera med
Eg såg litt på OL, og visst var det mykje stor idrett å få med seg. To av dei som imponerte meg mest, var den amerikanske hinderløparen Courtney Frerichs og den norske tikjemparen Martin Roe.
Artikkelen står på trykk i Kondis nr. 6 - 2021.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Ikkje fordi dei vann – Frerichs vart nummer to, og Martin endte på 20. plass av 22 deltakarar. Men fordi dei såg og gav utrykk for det store i det å få vera med.
– Etter ein problematisk sesong var det for meg stort berre å få komma hit til Tokyo. Slik sett var sølvet ein kjempestor bonus, stråla Frerichs etter at medaljen var sikra.
Martin Roe hadde ikkje nokon topp tikampkonkurranse med små bommar i fleire øvingar. Men han valde å ikkje deppe av den grunn.
– Eg veit eg kom med til OL som ein av dei siste, og no gjer eg mitt beste og nyt at eg kan vera her og drive den idretten eg likar så godt.
Slik sett levde både Courtney og Martin opp til det olympiske idealet – om at det viktigaste er å vera på banen og glede seg over at ein kan springe, hoppe og kjempe med heile seg.
Nekta å vera med
Akkurat den innsikta hadde ikkje den svenske olympiske komiteen (SOK) da dei nekta Lovisa Lindh start sjølv om ho var kvalifisert. Sjølv om arrangøren hadde invitert henne til å bli med. Fordi SOK-sjefane hadde laga eit særsvensk krav om at berre dei som var topp 8-kandidatar skulle bli tekne ut, måtte Lovisa halde seg heime.
Det ville vorti eit OL av det heller triste slaget om alle land hadde gjort som Sverige. Ingen forsøk og ingen semifinale på 800 m. Inga spenning som fekk byggje seg opp frå dag til dag. Ingen som fekk sjansen til å tre ut frå det ukjente og overraske med ei plassering i teten.
På maraton ville vi, om svenskane skulle bestemt, sett eit felt med ca. tre kenyanarar, tre etiopiarar, ein japanar og nokre slengarar til. Ingen Sondre, ingen sør-afrikanar og neppe nokon billett til amerikanske Molly Seidel som overgjekk seg sjølv og nesten alle andre og sprang inn til bronse.
Leiken og livet
Men vi treng ikkje å vera på olympisk nivå for å glede oss over at vi kan vera på banen. For min del – etter mange år med mykje av både springing og skadar – er det meir og meir det det handlar om: Å kunna reise med gjengen, springe i feltet, vera deltakar i den olympiske leiken som heiter livet.
Og så kan eg tenkje som hinderløpar Frerichs at det blir ein bonus om det skulle bli ei framskoten plassering, om beina skulle danse kraftfullt og bringa ande djupt og sterkt.
Er det noko det siste halvanna året har lært meg, er det at eg ikkje skal ta noko for gitt. Det vi trur vi har, kan bli borte. Både planar og draumar kan fort bli lagt i grus. Sjølv eit utsett OL var like ved å bli avlyst.
Difor all kredit til Martin Roe som er på banen og gled seg over kvar av dei ti øvingane han får vera med på. Sjølv om det blir eit overtramp her og eit mislukka kast der.
Det er slike som han og Courtney – og Lovisa – som er på olympisk nivå. Samstundes burde nokon fortelje leiarane i den svenske olympiske komiteen at dei slit med å halde kretsnivå.

Lagvenninner:I VM i London i 2017 vart det gull til Emma Coburn og sølv til Courtney Frerichs. Under OL i Tokyo endte det med knall og fall for Emma og sølvjubel for Courtney. (Arkivfoto: Bjørn Johannessen)
Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.
Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957