Klart for NM i motbakkeløp på Voss
Laurdag 3.juli blir NM i motbakkeløp arrangert på Voss. Det er det 10.4 km lange Lønahorgi opp som er årets NM-løp. Påmeldingsfrist NM er 29.juni.
Stigninga er 1090 meter med start frå idrettsplassen på Voss. Påmeldingsfristen for deltaking i NM er tysdag 29. juni. Dei som vi starte i konkurranseklassane (utan å telle i NM) kan ein melda seg på heilt fram til helga. Det er også trimklasse utan tidtaking, med start så tidleg at ein rekk til toppen før konkurranseklassen kjem.
Ingressbilete: Guro Tveito var ein av vossingane som deltok i 2009-løpet. Motbakkereporter Christian Prestegård etterlyste då vossingane sjølve i dette løpet, trimklassen talde berre 40 deltakarar. Vi reknar med at dei elles så spreke vossingane tek turen i år, enten i trimklasse eller konkurranseklasse.
![]() | |
Lønahorgi opp 2009: Merete Helgheim, Gloppen, vann dameklassa på 1.06.53. Foto Christian Prestegård |
