Mensen Ernst Minneløp feira 40 år den 27. juni
IL Modig invitera til den 40. utgåva av Mensen Ernst Minneløp i Fresvik siste helga i juni. Arrangementet består av mange ulike distansar, men det heile går føre seg i ein stor fellesstart, med distansar som variera frå 1,5 km til 12 km. I tillegg blir det arrangert barneløp, rullestolløp og barnevognløp.
Løpsfesten vil ha fire hovuddistansar på programmet, men òg rullestolløp, barneløp og stafett.
-Fokuset denne dagen er rørsleglede, personleg meistring, god stemning, og ikkje minst; løparkongen Mensen Ernst, fortel Dag Einar Bøtun til Kondis.
Mensen Ernst (1795-1843) er gjerne kjent blant quizarane, då eit spørsmål som ofte går igjen, er kven som var Noregs første toppidrettsuøvar. Svaret er Mensen Ernst, som gjorde løping til sitt levebrød tidleg på 1800-talet. I Fresvik blir mannen heidra kvart år, med eit eige minneløp. I år blir løpet arrangert for 40. gong på rad.
Arrangementet er i all hovudsak tilrettelagt for breidda, der slagorda er "personleg meistring", "rørsleglede" og "god stemning". Det er lite eller ingen fokus på løyperekordar eller klassevinnarar, men det vil vera flotte og unike medaljar til alle som fullfører. Her finn du distansar tilpassa alle, med variert løyper når det gjeld både terreng og underlag fortel Dag Einar Bøtun, løpsarrangør for IL Modig.
Alle distansane er naturleg nok oppkalla etter Mensen Ernst sine største bragder. Blant stupbratte fjell og djupe fjordar kan du altså følgje i fotspora til Mensen Ernst frå Paris til Moskva (1,5 km), München til Nauplia (3,5 km), Istanbul til Calcutta (6,5 km) eller heile vegen mot Nilen sine kjelder (12 km). Ein har også moglegheit til å stille stafettlag på 4 personar, der den totale distansen utgjer 12km.
Dag Einar og resten av arrangørane er klare for helga;
- No har me det meste på stell, og me skal vera klare til å ta imot deltakarane på laurdag. Påmeldinga har vore god, og me har framleis eit håp om deltakar-rekord. Den lyd på 203, og er frå 2023. Me gledar oss og håpar flest mogleg tek turen til Fresvik siste helga i juni.