Svein Inge Buhaug viste god terrengløpsform i Sverige
Svein Inge Buhaug vart nummer fem i det 10,5 km lange Billingehusloppet i Sverige sundag 30. oktober. Dei fire han hadde føre seg på resultatlista er alle klar for det svenske laget til nordisk meisterskap i terrengløp. Meisterskapen går i Hamina i Finland 12. november, og det norske laget blir teki ut i morgon.
| Svein Inge Buhaug var 45 sekund bak vinnaren Henrik Ahnström som i år har 13.50 på 5000 m. Andremann Oskar Käck, som slo Buhaug med 41 sekund, har i år sprungi 5000 m på 13.49 og 10000 m på 29.08. - Løpet var ok, men eg synest eg er litt for langt bak, fortel Svein Inge. Han hong med i 3 km og hadde augekontakt fram til 7-8 km. - Formen er prega av det langvarige skadeavbrekket og at eg ikkje har nok km i beina. Slik sett er alt bonus, og eg synest eg har hatt fin framgang frå løp til løp no i haust. Sjølv om eg ikkje heilt klarer å ta meg ut. Sverige stiller truleg med seks mann i nordisk meisterskap medan Noreg vil stille med fire. Svein Inge Buhaug meiner han bør ha ein sjanse på den fjerde plassen. - Øystein Sylta, Trond Idland og Henrik Grøseth er vel sikre. Så spørst det om dei tek ut Karl Johan Rasmussen, som ikkje har konkurrert etter NM terrengløp, eller meg som har vist stigande form. Uansett synest eg det er kritikkverdig av forbundet ikkje å ta ut laget før det er ei veke igjen. Det kunne vori gjort etter Furumomila. No har vi ikkje høyrd eit nyss om vi er aktuelle eller ikkje, seier Buhaug som åleine tok turen til Sverige for å vise at han ønsker å vera med i nordisk. - Det var langt å køyre, men eit fantastisk fint område å springe i. Løpet gjekk på smale grusvegar i kuperte skiløyper, fortel Svein Inge Buhaug. I morgon får vi vonleg veta om han er med i troppen til nordisk.
Alle resultat Uttakskriteria for det norske laget til nordisk Reportasje frå nordisk meisterskap i terrengløp i fjor |