E 39 Kvivsvegen skal opnast 22. september. Kvivsvegen mellom Grodås og Volda vil knytte saman ein større bu- og arbeidsmarknadsregion i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord.
Ei veke føre opninga vert vegen tilgjengeleg for dei mjuke trafikkantane. Det vil då bli arrangert ulike konkurransar langs den nye vegtraséen, m.a. gjennom Kvivstunnelen.
Ved sida av konkurransar i joggesko, på ski og sykkel, kan også rulleskøyteløparar stille opp, men då i trimklassen.
-M.o.t. transport av løparar vil det bli køyrt kolonne gjennom Kvivsvegtunnelen begge vegar-, seier Ståle Hatlelid i Hornindal IL til Kondis. -Arangøren arbeider også med å få til annan transport for dei som ynskjer det. Nærare orientering om dette vil kome i løpet av veka-, fortel Hatlelid.
Sjå Innbydinga
Sjå kart over området for dei ulike konkurransane
Les programmet for opninga av Kvivsvegen
Her ser vi bilete fra Kalvatn kor temporitt junior skal snu. Startområde for landevegsløpet og rulleski/rulleskøyter er nede til høgre på biletet, ca 400 m på vegen til høgre, ved vegskiftet til Heggjabygda. Start for dei under 17 år skjer midt inne i tunnelen.