Buff Fanaråken Opp er Nord-Europas største motbakkeløp og idrettssosiale festdag som har mål over 2000 moh ved Nord-Europas høgastliggjande turisthytte Fanaråkhytta 2.068 moh.

Bildet: Fjorårsvinnar David Schneider, Sveits (Foto: Anne Jenny Dvergsdal)


Årets løp blir det niande i rekka sidan starten i 2003. Buff Fanaråken Opp vart i fjor ein ny arrangementssuksess med ny deltakarrekord.

Det var praktfulle løpsforhold då 568 deltakarar (402 i trimklassa og 166 i konkurranseklassa)  gjennomførte den 8,6 km lange løypa med 1.200 m stigning frå Turtagrø Hotel til Fanaråkhytta. Det ligg godt an til å bli ein ny rekordstor motbakkefest på Fanaråken i år.
 
Buff Fanaråken Opp har dei siste åra vorte eit internasjonalt arrangement med deltakarar frå heile verda.

Fanaråken Opp har saman med La Sportiva Skåla 1848m rett opp vore dei to motbakkeløpa (av 140 motbakkeløp i 2010) som har hatt størst internasjonal deltaking.

I år er det påmeldt deltakarar frå m.a.England, Skottland, Tyskland, Sveits, Østerrike, Eritrea, Kenya og Sverige.  Mange vil delta i Buff Fanaråken Opp som oppkøyring til 10-års-jubileet i La Sportiva Skåla Opp veka etterpå .

Sjå reportasje på nrk.no  og kondis.no frå Fanaråken Opp 2010

Buff Fanaråken Opp og La Sportiva Skåla 1848m rett opp har også samanlagtpremiering som kallast La Sportiva Dobbel Opptur. I fjor var det Anita Håkenstad Evertsen og David Schneider, Sveits som vann La Sportiva Dobbel Opptur.

I Buff Fanaråken Opp skal deltakarane m.a. kjempe om kr 42.000 i pengepremiar. Det er pengepremiar til dei tre beste totalt ( kr 10.000, kr 5.000 og kr 3.000) og til raskaste løpar under 20 år ( kr 3.000).

I verdsklasse
I herreklassa får fjorårsvinnar David Schneider, Sveits tøff konkurranse av bl.a. Thomas Bereket, Eritrea, John Sompol, Kenya, Sam Hesling og Robbie Simpson, Scotland.
 
Simpson vart nyleg nr. 3 i VM i langdistansefjelløp i Slovenia. Av dei norske er dei siste to års noregsmeistar i motbakkeløp for senior, Øyvind Heiberg Sundby , IK Tjalve, den sterkaste utfordraren saman med Hans Martin Gjedrem , Valldal som vann NM i motbakkeløp i 2009 og vart nr. 3 i Fanaråken Opp i fjor. Det viser seg at dei beste norske som no deltek i motbakkeløp i seniorklassa for menn er om lag 3-4 min. bak dei beste i verda når løpstida er ein time. Øyvind Heiberg Sundby var 4 min bak Schneider i fjor og i år er Schneider truleg endå sterkare med med mellom anna siger i eit Grand Prix-løp (”Verdscupen i fjelløping). Det er også internasjonal deltaking i veteranklassane.


Øyvind Heiberg Sundby på vei mot toppen av Fanaråken i fjor (Foto: Christian Prestegård)

I dameklassa stiller ikkje europa- og verdsmeistar Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre. I fjor slo Anita NM-vinnar May Britt Buer med 2 min. 15 sek, men i år blir det truleg meir spennande enn nokon gong.

May Britt Buer, IL Gular må finne seg i å vere favoritt, men ho vil tøff konkurranse frå Tuva Toftdal Staver , Strindheim som vann juniorklassa i NM motbakkeløp. Eit spennande namn er Thea Lillehov, Østerrike som er fødd i Noreg . men er no Østerrisk statsborgar og konkurrerer i både orientering og fjelløping på høgt nivå.  Ellers har Therese Sjursen, BFG Fana hatt god framgang og nærmar seg toppen og Veronika Blom , Modum kan også blande seg inn i tetkampen...


Kan May Britt Buer bli først i mål av damene i år? (Foto: Anne Jenny Dvergsdal)

Buff Fanaråken Opp har vore eit fyrtårn for den raskt veksande motbakkeløp og topptur-rørsla i Noreg.  Motbakkeløpbølgja rasar no over heile Noreg og representerer den største veksten (Oppturen !) i talet på nye løp som vi har hatt i innan kondisjonsidrett i Noreg , frå 5 til 140 løp på 9 år med over 35.000 deltakarar i 2010 og i år blir det arrangert over 150 motbakkeløp. 

I dei aller fleste motbakkeløpa som har mål på ein fjelltopp er det trimklassane utan tidtaking som er dei største. Trimklassene startar fyrst og lagar ei fantastisk stemning på toppen når konkurranseløparane kjem stormande i mål.  På Fanaråken er det i år venta at 400 trimmarar vil lage reine ”Tour de France-stemninga” når over 200 konkurranseløparar kjem i mål 2.068 moh ved Nord-Europas høgast liggjande turisthytte Fanaråkhytta.

Påmelding
Løpsleiar Anders Fortun i arrangørklubben IL Fanaråk understrekar til Kondis.no at det vil vere åpen påmelding for både konkurranseklassane og trimklassa på www.fanaraaken.com fram til torsdag 4. august . I Trimklassa er etterpåmelding mogeleg også løpsdagen mot etterpåmeldingsgebyr. Sjå løpsinfo på www.fanaraaken.com