Som vanleg; første laurdag i juli er det Jølster Maraton. I år er det 36 år sidan Jølster Maraton vart arrangert for første gong så det er med andre ord eit arrangement med lange tradisjonar. 

I 1982 vart det første maratonløpet i Sogn og Fjordane «Rett Vest» arrangert i Florø. Året etter var det ein gjeng i Jølster som ville at Jølster skulle arrangere maraton også. Slik vart Jølster Maraton til og 3. juli 1983 stilte 52 deltakarar til start på dei 2 distansane; maraton og halvmaraton. Samtidig med løpet vart det også arrangert sykkeltrim rundt Jølstravatnet.  Her var det ingen tidtaking, og dette vart fort eit populær aktivitet. 

k-en til bruk paa kvalitetslop.jpgJølster Maraton er et Kondis kvalitetsløp. Les mer om kvalitetsløp HER

4 distansar + miniton og sykkeltrim
Konkurranseløparane kan velje mellom 4 distansar der alle føregår på sørsida av Jølstravatnet: Start heilmaraton er på Vassenden der løparane spring på sørsida inn til Sunde og snur der. Då får dei sine 42195 meter som er den nøyaktige maratondistansen.  På dei andre distansane vert løparane frakta med buss til dei ulike startane; Halvmaraton, 10 km og 5 km. 

Vi har også tilbod til mosjonistane; miniton og sykkeltrim. Miniton er svært populært blant barn og unge. Det  er 1/10 maraton (4,2km) utan tidtaking.  Sykkeltrimmen rundt Jølstravatnet har sin meir eller mindre sin faste flokk deltakarar på ca. 100 syklistar. 7 deltakarar har vore med i alle år!

Bildet kan inneholde: en eller flere personer og tekst

Påmeldingane er på veg inn, så langt ser det lovande ut og vi er i rute med fjoråret. Då hadde vi nesten 400 deltakarar i konkurranseløpa. Jølster Maraton er, og vil vere, eit løp for den jamne mann og kvinne.  Mange trufaste stiller i Jølster år etter år. Svært mange frå Bergensområdet tek turen til Jølster, men her er påmelde frå resten av landet i tillegg til nokre frå utlandet. 

FLEIRÅRSPREMIAR: Etter 10-, 20- og 30-års deltaking får du fleirårspremie. Kan hentast ved registrering sykkeltrim.
Pengepremiar for løyperekord:
Maraton: 5000,-.  Halvmaraton: 4000,-.  10 km: 3000,-.  5 km: 2000,-

Bjørn Gjerde for 35. gong!​ 
Bjørn Gjerde frå IL i BUL har flest gjennomførte maraton i Jølster, han er påmeldt også i år, for 35. gong. Han vann det 1. og 10. Jølster Maraton.  - Eg har altså fullført 34 av dei 36 løpa, seier Gjerde. Det var årene 1983-87 og 1990-2018). - I 1988 og 1989 sprang eg dåverande Imås maraton i Grimstad første helga i juli, dvs. same dato som Jølster maraton blei arrangert, seier 63-åringen som opprinnelig kommer fra Omarstrand i Hardanger, men har bodd i Oslo i hele sitt voksne liv.

Vi ser i oversikten til 100-klubben at hans fyrste løp i Jølster i 1983 var hans 10. maraton totalt. Denne gongen blir det altså hans 35. i Jølster og 421. totalt.

Hafsås-seier for 15.gong?
Elles reknar vi med at han som har vunne flest maraton i Jølster - Helge Hafsås - stiller.  Han har vunne heilmaraton heile 14 gonger, og held framleis eit imponerande nivå i ein alder av 53 år.

Vinner_maraton_Helge_Hafsås
Kan denne mannen vinne for 15. gong? (Foto: Jan Petter Venøy 2018)

Cecilie_Landro
 Cecilie Lndro vann maraton for kvinner 2018. (Foto: Helge Fuglseth)


NM i 2020
4. juli 2020 skal vi arrangere NM i maraton!

PÅMELDING, PROGRAM OG INFORMASJON på løpets heimeside.
Facebook

Kondis 2018. 368 løpere i konkurranseklassene i Jølster Maraton
Kondis 2017: Det 35. Jølster Maraton ble en stor suksess​


Oversikt_siste_bilde
Stemning frå jølster 2018. (Foto: Helge Fuglseth)