1P1A7480

Det 35. Jølster Maraton ble en stor suksess

Med nærmere 750 deltagere i årets Jølster maraton var arrangøren godt fornøyd med årets deltagelsen i de 6 arrangementene

Publisert Sist oppdatert

Dette var som før sagt det 35. Jølster Maraton. Deltakarrekorden frå 2015 (370) vart ikkje slått, men vi var nær då 350 deltok i konkurranseklassane. I tillegg var nesten 400 trimmarar ute på sykkel og miniton. For vesle Jølster er dette ein stor «happening»! VI har ca. 80 personar i sving i ulike posisjonar på dagen, og dei fleste av desse har vore med lenge. Sånn sett har vi sett på agendaen å jobbe for å få inn ny krefter i nøkkelposisjonar, slik at stemnet kan leve vidare etter at vi som starta dette, trappar ned.

1P1A7131.jpg


Lederbilen for maraton.

1P1A7640


Marius Vedvik og Eli Anne Dvergsdal var raskest på 5 km

Så litt om løpa: På dei lengste distansane har vi ikkje dei store «kanonene», men her er mange gode prestasjonar – spesielt i dei aldersbestemte klassane. Halvmaraton er populær då 115 deltok her. På spesielt 5km er det gledeleg at vi har så mange unge med. Her er imponerande tider heilt ned i 12-13 års alderen! Vi fekk også einaste løyperekorden akkurat på 5km (Eli Anne Dvergsdal). Ho har nok meir å gå på med meir gunstig vind og betre oppkøyring til sesongen (skadar). Brødrene Øygard leverte ok løp, der spesielt Eivind satsar tungt mot banesesongen og neste års NM på Byrkjelo.

1P1A7476.jpg


Medaljer og forfriskninger etter hvert som deltagerne kommer i mål

Men Jølster Maraton er for mange ein sosial sak og eit mål å trene mot. Vi ser også at mange brukar Jølster Maraton som eit sosialt treffpunkt for vennegjengar etc. Eg opplever at det er ein god stemning på arènaen etter kvart som folk kjem inn. Blandinga av unge og eldre i ulike aktivitetar konsentrert på ein dag trur eg er suksess-faktoren, og det vi likar å få til.

Velkommen igjen neste år!

1P1A7469.jpg


Vivian Kyte i tet på maraton, det er idyllisk langs Jølstravannet


Kondisreportasjer Jølster Maraton 2017


2017: Seier til Eivind Øygard og Ane Brekke på 10 km i Jølster
2017: Vivian Kyte og Jens Andreas melheim vant Jølster Maraton
2017 : Marius Vedvik og Eli Anne Dvergsdal vant 5 km i Jølster
2017 : Trine Bjørvik og Knut Olav Øygard vant Jølster Halvmaraton



JM-2017-logo.jpgKlikk på logo for løpets hjemmeside

Powered by Labrador CMS