Karoline Holsen Kyte, Førde IL slo til med ei kjempetid i årets utgåve av E-CO Rimstigen Opp, og sette ny løyperekord i kvinneklassen med den sterke tida 28.40. Dette er 40 sekundar betre enn May Britt Buer sin rekord frå 2014. Karoline slo dei aller fleste mennene, og var fjerde beste deltakar til topps i den bratte løypa frå Bakka til Rimstigen 725 moh.
- Dette var eit tøft og utfordrande løp, kunne ho fortelje etter innkomst, - men for ein utsikt! Eg hadde ambisjonar om å gjera mitt best i dag, og likte meg i den flotte løypa.
Karoline Finne, IK Tjalve blei nr. 2 med gode 31.29 og Caroline Christie, Varegg tok tredjeplassen med 35.55.
Svensk førsteplass i herreklassen
O-løparen Marcus Millegård frå Sverige overraska med å vinne herreklassen med tida 27.02, toppløparen Erling Hisdal, IK Tjalve blei nr. 2 med 27.54 og Daniel Instanes, Varegg tok tredjeplassen med 28.07.
- Eg tek E-CO Rimstigen Opp som ei kvalitetstrening før dei lange løpa til Fanaråken og Skåla, sa Hisdal etter innkomst, og la til at dei litt kortare motbakkeløpa er gode hardøkter som krev lite restitusjon. Han er bra nøgd med årets vårsesong og ser fram til nye motbakkeløp utover seinsommaren.
Marcus Millegård (foto Jan Christian Jerving)
Klasserekord i kvinner 60-64 år
Norunn Stavø, Florø Turn- og idrettsforening likar seg i bratte løyper, og slo den gamle løyperekorden til Anna Margrethe Tråve med over minuttet. Stavø fekk den flotte tida 37.20 og hadde fjerde beste tid av alle i dameklassen.
Norunn Stavø sette klasserrekord i kvinner 60-64 år (foto Jan Christian Jerving)
Start på Bakka i Nærøyfjorden. (Foto: Kristiane S. Terum)
Tre beste kvinner og tre beste menn. Frå venstre Caroline Christie, Karoline Finne, Karoline H. Kyte, Marcus Millegård, Erling Hisdal og Daniel Instanes. (Foto: Kristiane S. Terum)
Totalt hadde E-CO Rimstigen Opp 60 deltakarar i år, 16 kvinner og 44 menn.
Topp 10 menn: | |||||||
1 | Millegård | Marcus | Sävedalens AIK | 23-34 år | 27:02 | ||
2 | Hisdal | Erling | IK Tjalve | 23-34 år | 27:54 | ||
3 | Instanes | Daniel | Varegg Fleridrett | 18-22 år | 28:07 | ||
4 | Grindedal | Leif Bjørn | Bjørgum/Feios | 35-39 år | 29:54 | ||
5 | Walaker | Per Ove | IL Fanaråk | 40-44 år | 30:20 | ||
6 | Lysne | Hallvard Seim | Årdalstangen IL | 23-34 år | 30:36 | ||
7 | Mundal | Kjell | Fjærland | 50-54 år | 32:01 | ||
8 | Mørkve | Bjarte | Eldar IL | 23-34 år | 32:20 | ||
9 | Bongom | Bjørn Harald | Varegg/Fjellgeitene | 50-54 år | 32:34 | ||
10 | Sommer | Anders | Varegg | 18-22 år | 32:42 | ||
Topp 5 kvinner: | |||||||
1 | Kyte | Karoline Holsen | Førde IL Friidrett | 23-34 år | 28:40 | ||
2 | Finne | Karoline | IK Tjalve | 23-34 år | 31:29 | ||
3 | Christie | Caroline | Varegg/Fjellgeitene | 35-39 år | 35:55 | ||
4 | Brekke | Ane | Førde IL Friidrett | 15-17 år | 36:38 | ||
5 | Stavø | Norunn | Florø tif | 60-64 år | 37:20 |