Det har vorte tradisjon med å arrangere Storehaugen Opp på Kristi himmelfartsdag. I år kunne det sjå ut til at den tidlege løpsdatoen 14. mai og "unormalt" store snømengder i fjellet ville gje deltakarane snødekke dei siste 170 høgdemetrane til topps.  I dag er løypa heilt snøfri etter at den entusiastiske dugnadsgjengen i Lærdal IL har lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats med snømåking av løypa. Det blir topp løpsforhold den 14. mai.

storopp_Luftfoto.jpg

I år får deltakarane oppleve "alle årstidene" på ein praktfull opptur. ( Dette fotoet av løypa er ikkje i frå i år) . Arrangøren ved ei entusiastisk Bjørghild Holien håpar på endå fleire deltakarar i år enn i fjor då 418 deltok fordelt med 118 i konkurranseklassa og 300 i mosjonsklassa. I år fortener arrangøren absolutt rekorddeltaking etter den enorme innsatsen som er lagt ned for å gje deltakarane ei topp snøfri løype.

Det har vorte tradisjon  at Norges beste motbakkeløparar deltek på Storehaugen Opp. I fjor sette Stian Hovind-Angermund , Varegg ny løyperekord på 31.18 minutt. Seinare på året vann Stian NM i motbakkeløp og vart nr 3 og beste nordmann Skåla Opp. Stian var fyrste mann som meldte seg på til årets Storehaugen Opp. Sesongstarten i Noreg for dei bratte tøffe motbakke-fjelløpa i Lærdal gav meirsmak. Også Kondis.no's utsendte trivest i dei bratte bakkane i Lærdal og deltek for 4. gong.

Løyperekorden i dameklassa på 37.24 er frå 2013 og tilhøyrer Kirsten Marathon Melkevik.

Starten i konkurranseklassa er kl. 13.00 medan mosjonistane kan starte mellom kl. 09.30 og 12.00. Parkering, sekreteriat, garderobar og kafe er ved Lærdalsøyri Skule.

Alle deltakarar får gul, teknisk  t-skjorte med eige motiv som deltakarpremie. I konkurranseklassa er det tredjedelspremiering og premie for løyperekord. Det er premie til alle i 15 årsklassa og alle over 70 år. Ein må vere fylt 15 år i 2015 å delta i konkurranseklassa med tidtaking.

Påmeldingsfristen for nettpåmelding er 12 mai kl 23.59, men det er og høve til etterpåmelding inntil ein time før start løpsdagen mot eit tillegg på kr 100,-  For påmelding og info sjå www.storehaugenopp.com