Laurdag 25. juli er det klart for nytt motbakke-arrangement på Vestlandet, og denne gongen er det Rimstigen Opp i Aurland kommune som står for tur. I år er det 10 år sidan Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste, og løypa frå Bakka i Nærøyfjorden til Rimstigen 725 moh ligg midt i idrefilèen av dette landskapet.
 
Fleire av dei beste motbakkeløparane i Noreg stiller til start, og spenning knyter seg til om Torbjørn Ludvigsen kan betra løyperekorden til Øystein Sylta, som er på gode 25.00. May Britt Buer har sterke 29.20 i kvinneklassen, ei tid ho sette i 2014. 13 og 14-åringane startar i eige felt 10 minuttar før resten av konkurranseløparane, og det står prestisje av å komma først til topps.
 
Arrangøren vonar særleg at turfolk tek turen til Rimstigen, og kan lova snøfri løype langs god sti som slyngar seg jamnt oppover i bratt terreng. Løypa er totalt 2,7 km lang. Dei første 400 m er flat grusveg, og deretter er det jamn stigning heilt til Rimstigen 725 moh.  
 
Starten er ved grendahuset på Bakka, og her det høve til påmelding for turgåarar frå klokka 09.30. Klasse 13-14 år startar klokka 12.20 og hovudfeltet ti minuttar seinare. Frist for påmelding i konkurranseklassen er fredag 24.07.
 
Foto: Olav Terum (Utsikt mot Bakka og indre del av Nærøyfjorden)
 
Påmelding og informasjon finst her: http://naroyfjorden.no/arrangement/turaroglop/e-co-rimstigen-opp-201/
FB-side ligg her: https://www.facebook.com/RimstigenOpp?fref=ts
Kontaktperson: Olav Terum. Mobil: 99414496
 
Olav Terum