Pressemelding frå arrangøren: 

I år vil tindebestigingskonkurransen føregå på Hornindal Skisenter – med fjella Høgenibba (1191 moh.) og Lisjenibba (1050 moh.) som toppar. 

Basecamp, start og mål vil vere i nedre del av skibakken. Konkurransen byr på variert terreng både oppover og nedover i eit av landets flottaste alpine område.

I år har Norges Skiforbund gitt XTind status som norgesmeisterskap i randonee, med utdeling av den første kongepokalen i denne idrettsgreina nokonsinne. Med dette håpar og trur vi på ekstra stor deltaking, både frå tilreisande og lokale utøvarar. Vi ønskjer å lage ein folkefest for deltakarar og publikum!

Rennprogram og løypetrase

11.30: Løparinformasjon om traseen i Basecamp
12.00: Rennstart
Start: Botnstasjonen ved skianlegget

Første oppstigning: Følg grønmerka rutestrek opp til Høgenibba. Ein må ha skia på sekken dei siste 50 høgdemetrane opp til toppen av Høgenibba.

Første nedkøyring: Følg raudmerka rutestrek ned frå Høgnibba til dei små vatna.

Andre oppstigning: Følg grønmerka rutestrek opp til Lisjenibba.

Andre nedkøyring: Følg raudmerka rutestrek ned frå Lisjenibba til botnstasjonen og mål!

Total stigning: 1100 høgdemeter.

Herrar senior skal gå ei ekstra runde opp på Høgenibba etter første nedkøyring til dei små vatna, før dei følgjer den ovanfor skildra traseen opp til Lisjenibba og vidare ned til botnstasjonen og mål.
Total stigning: 1500 høgdemeter.

Hornindal_kart_640.jpgLøypa krev sitt, både oppover og nedover. 

Hornindal_bilde_640.jpgHornindalsfjella er innbydande for alle skiløparar som er glade i både oppover- og nedoverbakkar. (Fot: Arrangøren) 

XTinds heimeside