Dagmund Ramsdal var i mange år Kondis-kontakt i Sunnfjord og var og ein ivrig maratonløpar med gode resultat. Han  passerte 100 maraton i 2007. Du kan lese om maratonløpa hans på 100-klubben sine sider.

Dei siste åra var han mest aktiv i sykling og hevda seg godt i aldersklassa si med fleire klassesigrar. Han var i 10 år leiar av Flora CK og var æresmedlem av sykkelklubben. Har var og skiløpar, og det var på rulleski nokre hundre meter frå heimen han vart køyrd ned. Dagmund vil bli sakna i idrettsmiljøet.

Bladet FIRDA: Omtale i bladet FIRDA

Bladet: FIRDA: Skjerpar rutinene etter ulukka

Årsaka til ulukka er enno ikkje klarlagt. Det har meldt seg fleire vitner til ulukka.


Maratonløp nr. 100: Dagmund Ramsdal (nr. 24) er undervegs i Det Norske Fjellmaraton i 2007 i sin maraton nr. 100. (Foto: Kjell Vigestad)