Idrett er drama og underhalding, og Jakob Ingebrigtsen vart ein av dei aller største heltane under friidretts-EM i Roma. (Foto: Bjørn Johannessen)
Idrett er drama og underhalding, og Jakob Ingebrigtsen vart ein av dei aller største heltane under friidretts-EM i Roma. (Foto: Bjørn Johannessen)

Brød og sirkus i og utanfor Roma

Med friidretts-EM i Roma, OL i Paris og fotball-EM i Tyskland manglar det heller ikkje denne sommaren på tilbod om ein vil late seg underhalde av idrett.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5– 2024


I tillegg finst det sjølvsagt ti typar anna underhalding. No når eg skriv, har støvet etter Melodi Grand Prix enno ikkje lagt seg. Vegen til Youtube, Netflix og Tik-tok er aldri lang. Om ein ønsker å få tida til å gå, er det trøyte å finne i alle retningar og kanalar.

Sjølv har eg meir enn ein gong dekt både EM og VM for Kondis, og sjølv om eg ikkje vil vera til stades i Roma i år, så skal eg sjå på NRK og lesa det kollegane mine får til av rapportar når Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås møtest til duell på Olympiastadion i Roma.

Stadionanlegget frå 1936 ligg berre 6-7 kilometer unna Colosseum der gladiatorane vart tvinga til dyst og død i det gamle Romerriket. Både gladiatorkampar og kappkøyring med stridsvogner vart brukt som underhalding for folkemassane.

Dekadanse

På sundagskolen lærte eg at «mennesket lever ikkje av brød åleine», og overklassen i Roma skjønte at det måtte plussast på med underhalding om dei skulle unngå folkeopprør mot både undertrykkinga og den dekadente livsstilen som eliten utøvde. Så lenge folket fekk brød og sirkus – «panem et circenses» – ville misnøya med vanstyret haldast i sjakk.

«Amused to Death» heiter ei av platene til Roger Waters som var ein av frontfigurane i Pink Floyd. Soloplata kom ut i 1992 og er ein ram kritikk av eit samfunn der vi let fjernsyn og andre medium dope oss ned samstundes som både krig og anna undertrykking av fattigfolk får halde på. Når så det store showet er over og den siste kaviaren eten, er det ikkje berre tomheita som senkar seg – vi har rett og slett forlysta oss til døde.

I tittelsporet på plata syng Waters, her omsett til norsk:

Vi såg tragedien skje
Vi gjorde det vi vart bedne om
Vi kjøpte og vi selde
Det var det største showet på jorda
Men så var det over
Vi oia og akka oss
Vi køyrde racerbilane
Vi åt våre siste krukker med kaviar

Ingen tårer å gråte
Ingen kjensler igjen
Denne arten mora seg i hel
Mora seg i hel

Utan eit kny

Det seiest at historia ikkje gjentek seg, men at ho rimar. Sjå difor ikkje bort frå at idrett og anna underhalding blir brukt som opium for folket òg i dag. Slik at vi godtek utan å bry oss. Utan å kny.

Visst skal eg sjå Jakob, Josh, Jake og Narve springe i Paris. Det er fint å ha noko å glede seg til og bli begeistra av. Men for min del skal både fotball-EM og 80 prosent av OL få fara.

I staden vil eg bruke sommaren til å vera ute i naturen. Åleine og saman med andre. Eg skal ta meg tid til sitja ned og tenkje på kor eg er på veg, på kva som er viktig i det livet eg har fått. Slik at ikkje den store tomheita senkar seg når 1500 m-finalen er over og den olympiske elden sløkt.

Skrifta på veggen

Fire andre ord som eg lærte på sundagsskolen, festa seg av einkvan grunn i minnet: «mene, mene, tekel, peres». Det var skrifta som viste seg på veggen, og som varsla undergangen for det babylonske riket.

Sjølv det som ser solid ut, vil ein gong rakne. Særleg fort kan det gå om ikkje nokon står opp og kjempar for det dei har kjært.

I bondesamfunnet som eg sjølv var ein del av i oppveksten, var ein hovudtanke at garden skulle overleverast i betre stand til neste generasjon enn det den var i da ein sjølv arva den. Hus vart bygde for å kunne stå i generasjonar. Jorda vart ikkje driven hardare enn at ho kunne gi like god grøde i framtida.

Underhaldningssamfunnet er på mange måtar motsatsen – eit kortsiktig bruk og kast-samfunn.

Tida der vi må skjera inn til beinet kan komma snarare enn det vi likar å tru, og da er det dei som byd på føde for både kropp og sjel – og ikkje tanketom underhalding – vi vil vende oss til.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS