Perspektiv

På den glitrande tinden
Eg har snudd og gått ned etter å ha vori på tur mot både Høgevarde og Mont Blanc. Utan at eg har opplevd det som noko nederlag. For jammen kan det vera fint på etasjen under toppen òg.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6– 2022.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Sjølv om eg i periodar har samla på mykje rart – myntar, fotballkort, vatn eg har sprungi rundt – har eg aldri samla på fjelltoppar. Dei står der, og eg har tenkt at det kan vera like fint å sjå opp på dei som ned frå dei.
Så har det vorti nokre unntak. Vi sprang mange gonger til Sandstadkammen, toppen vi trudde var den høgste på Ytterøya, berre for mange år seinare å få høyre at Korshylla var høgre – rett nok med mykje dårlegare utsikt. Ein gong vart eg invitert med til Mulhacén, den høgste toppen i Fastlands-Spania. Vi kom opp, men haka der var at Teide på Tenerife, som òg høyrer til Spania, er 237 meter høgre.
Fjellivet mitt har slik sett knapt nok vori eit «nest-best-liv», som Gudmund Skjeldal skriv om i ei av bøkene sine. Aldri på den høgste toppen. Alltid nokon over. Ikkje ein gong konge på ein liten haug.
I Vågå-land
Og i sommar heldt det fram. Gjengen bestemte seg for ei ferieveke i Vågå-land i utkanten av Jotunheimen. Da det etter kvart klårna opp og vinden stilna, hadde vi øvd så mykje på små toppar – Trollhøe og Gråhøe – at vi var klare for ein større.
Men i staden for å sikte mot den høgste, Galdhøpiggen, gjekk vi for nummer to i rekka, Glittertind. På ein magisk dag med sol, baris og vy til halve kongeriket inkludert den eine toppen som var høgre, uttrykte ein i følgjet det slik i Instagram-oppdateringa:
«Ikke enig med Jacob Ingebrigtsen i at det nest øverste trinnet var en forferdelig opplevelse. Heller ikke det å se over til Galdhøpiggen forringet utsikten.»
Dermed ikkje sagt at nemnde Ingebrigtsen ikkje hadde lov til å vera skuffa over sølvet på 1500 meteren i VM. Når ein går for gull, kan sølvfargen sjå irriterande grå ut. Alle står fritt til å setje seg sine eigne mål, og enten ein legg lista høgt eller lågt, er det aldri stas å rive.
Dei lokale toppane
Det viktigaste, trur eg, er at ein er tru mot seg sjølv. Lyttar til den indre røysta uansett kva for ein topp ein vel å sikte mot – enten ein snur når vêret slår om, eller held fram i skodda.
Sjølvsagt er det flott med suksesshistorier, men soga om dei nest beste eller dei som nøgde seg med dei lokale toppane og til og med bomma på dei, kan vera like interessant.
For meg går det heilt fint å veta at både Mount Everest, Mont Blanc og Galdhøpiggen ligg der – utan at eg må opp på dei. Noko NM-gull vart det aldri, sjølv ikkje da 100 kilometeren kom på programmet. Men det var stas dei gongane eg fekk stå på trinn to og tre.
Smakte godt
Andre har det annleis, og du verda kor artig det var da Jakob Ingebrigtsen gira om og suste frå dei andre på 5000 meteren i VM. Etter svippturen ned ein plass nokre dagar tidlegare smaka det nok ekstra godt igjen å vera «king of the world».
Så kan vi andre uansett vera konge i vår eiga verd. Springe på dei stiane vi sjølv likar. Sikte mot dei toppane vi synes ser fine ut. Eller halde oss i låglandet og heller løfte blikket opp.
Himmelen over oss er uansett den same. Avstanden til stjernene blir ikkje merkbart mindre same kor høgt opp på pallen eller fjellet vi måtte klatre.