Siger til Buer og Ludvigsen

May_Britt_Buer_2010

Bløtt under Eggenipa opp

Det vart ikkje sett noko rekordar under Eggenipa opp på søndag, men til tross for at det var bløtt i løypa, vart løpet ein suksess.NO MED BILETE

Publisert Sist oppdatert

Kondis.no var ikkje tilstades under løpet, men vi har fått "låne" den glimrande artikkelen til lokalavisa Firda Tidend:

F.T.: Magnus Gamlem

Søndag blei Eggenipa Opp arrangert for åttande gong, første gong var i 2005. Eggenipa er 1338 meter høgt, men deltakarane startar ikkje heilt nede med havet. Totalstigninga under løpet er 1189 meter, medan løypa er heile 4650 meter lang. Utøvarar frå 13 til 69 år deltok, det er ikkje tvil om at motbakkeløp fenger både unge og gamle.

Tre sekund frå rekord

–I år var det 49 konkurransedeltakarar, noko som er ein oppgang frå i fjor. Det er faktisk ein del år sidan so mange deltok. På det meste har vi vore mellom 60 og 70 utøvarar, fortel Olav S. Egge, arrangør av Eggenipa Opp.

Av dei 49 deltakarane var det May Britt Buer frå Gular som vann kvinneklassa med tida 56.58. Berre tre sekund bak sin eigen løyperekord frå 2011. Blant herrane stakk Thorbjørn Ludvigsen av med sigeren. Det gjekk 52.27 minutt før han nådde toppen av fjellet. Rekorden til bortkomne Jon Tvedt på 47.26 minutt frå 2008 var han aldri nær å true.

Kvelden før løpet regna det mykje, og løypene blei svært blaute. Det er bratt heile vegen opp Eggenipa, dermed blei det ei tung og våt oppleving for utøvarane.

– Eg prata med fleire når dei kom ned igjen, og dei tykte at det var greitt, men vått. Slik er naturen, det kan ikkje ein gjere noko med, seier Egge.

– Imponerande

Sjølv er han 70 år, og klarar ikkje delta i løpet, men han er veldig imponert over prestasjonane til utøvarane.

– Det er mange eldre folk som er med, og det er utruleg å sjå kva dei klarar. Den eldste er 64 år, og er raskare enn fleire i 50-årsklassen. Fleire av utøvarane spring store delar av tida. Imponerande!, meinar han.

Olav S. Egge og dei andre som er med å arrangere er stolt av Eggenipa, og tykkjer det berre er kjekt å stelle i stand løpet. Og så lenge deltakarane er fornøgd, er han fornøgd. Det er flest deltakarar frå Sogn og Fjordane, men ein deltakar hadde reist heile vegen frå Elverum-området.

Ein av deltakarane var ikkje so heldig, og fall og braut handleddet på veg ned att. Det tykkjer Olav var synd.

– Det er ikkje lett å gardere seg mot slike skadar, då det er sleipt nedover fjellet. Heldigvis var det to legar i nærleiken som tok seg av han.


May Britt Buer vann også i år kvinneklassa. Sin eigen rekord frå 2011 klarte ho derimot ikkje å slå. (Alle foto: Olav S. Egge)


Thorbjørn Ludvigsen var den sprekaste av mennene, og sprang til topps både på Eggenipa og på pallen.


Premieutdeling: frå venstre Jann Olav Tjønneland, Thorbjørn Ludvigsen, May Britt Buer, Åse Iren Sætre og Merete Helgheim.


Tre Eggenipa Opp-veteranar kosar seg i løypa. F.v.: Malvin Hjelle, Reidar Egge og Jan Erik Egge.

...og så eit bonusbilete til slutt som ikkje stod i avisa


Rasmus Haugen, Hornindal IL og Ingvar Skaar, Statoil Bergen IL

14 år gamle Rasmus gjorde nok eit storløp der han vart nummer sju av herrane. Under halvt løp i Hornindal rundt var han nest best, berre slegen av landslagsløparen Sverre Sletthaug.

PS !
Ein liten anekdote til slutt: Lokalredaktøren er aldri så lite stolt av å vere onkel til Rasmus. Kanskje det kan vere noko med genene ???????

Samleside Eggenipa opp

Resultat:

Resultatliste Eggenipa Opp 2012.
K 13-16160ErdalKarolineFørde il68.40
K 13-16161HamarHilvi EmerenseByaasen Skiklubb70.42
K 17-34156SætreÅse IrenØrsta il64.21
K 17-34155HelgheimMereteGFIL64.57
K 17-34154HovdenHilde 85.12
K 17-34159SkibenesAnne GreteBergen93.40
K 17-34158HildenesElisabethEid il
K 35-39157BuerMay BrittGular56.58
K 35-39162SkaarAnneSogndal il74.05
K 40-44163EikåsJanneJølster il69.25
K 45-49171HolsenAnne BeritHolsen il81.33
K 45-49168VallestadMaritJølster il90.36
K 45-49169BrekkeLiv SigdestadSvelgen93.10
M 13-16128HaugenRasmusHornindal il58.55
M 13-16142HelgheimAdrianFørde il81.07
M17-34140LudvigsenThorbjørn 52.27
M17-34146ErdalOle MartinFørde il56.47
M17-34152HolsenJonnyHolsen il62.16
M17-34147JensenRune MartinRunes il64.13
M17-34141BrakstadFrode EmilFrekhaug72.09
M 35-39129TjønnelandJann OlavViksdalen il52.42
M 35-39132SkrøppaJan BjarteFørde il75.38
M 35-39164AlmeLars OttoFjellhug Vereide85.04
M 35-39137TotlandAreVaregg Team Melkesyre94.06
M 40-44149SkaarIngvarStatoil Bergen il57.44
M 40-44151VallestadOle JonnyHolsen il58.19
M 40-44145MartiniBjørnAsker Skiklubb70.00
M 40-44131BergeBjørnFørde il77.51
M 40-44125StaalesenKjetil Gåsemyrblodsmak.no79.17
M 45-49127ØygardGeirJølster il58.11
M 45-49166MidtkandalTrondEidsfossen sykkel64.08
M 45-49144ErdalHermanFørde il65.40
M 45-49150SkogenAudunHakallestranda kondisjon66.18
M 45-49130GrindedalGeirIL Jotun67.15
M 45-49143EvensenGeirStatoil BIL68.48
M 45-49124LienPer OddvarKyrkjebø il68.55
M 50-54165BakkebøAndersÅheim il67.38
M 50-54148ØygardKjellJølster il68.12
M 50-54167GaukstadKjellLom69.49
M 50-54135ØvsthusØysteinMjøsdalen il69.56
M 50-54133KjerpesetSvenn PetterKeipen turlag71.33
M 50-54123BaggetunAlfredHøyang il74.23
M 55-59126SkylstadNils TerjeVelledalen il68.19
M 55-59139BjarkøArildNord-Østerdal OK72.20
M 55-59138LosnegardReidarFørde il73.47
M 55-59170EideReidarFørde il74.51
M 60-64134SulheimLars EivindLom66.57
M 60-64136BernesOveMjøsdalen il67.13
M 65-69139MenesOddvarVetlefjorden il82.08
Powered by Labrador CMS