Blir det 5. siger av 5 mogelege den 7 . august?

250_ingress_Anita_FotoChristianPrestegaard

EM/VM-vinnar Anita klar for Fanaråken

Dronninga av Fanaråken, Anita Håkenstad Evertsen, gjer come-back i Buff Fanaråken Opp 7. august etter nesten to år med skadar.

Publisert Sist oppdatert

Ingressbildet: Anita passerer 2000 moh med kun 68 høgdemeter igjen til sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp i Buff Fanaråken Opp 2007. Foto Christian Prestegård

Sist helg deltok Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL i sitt fyrste motbakkeløp på nesten 2 år . Det vart eit særs vellukka "testløp" i Mefjellet Opp etter nesten to år med skadar. No ser Anita fram til Buff Fanaråken Opp 7. august (som ho vann i 2005 (Duatlon), 2006, 2007 og 2008 ) og til La Sportiva Skåla 1848m rett opp den 14. august.

I Buff Fanaråken Opp www.fanaraaken.com vil Anita for alltid bli ståande som løyperekordhaldar i løypa slik ho var frå 2003 t.o.m. 2008 med tida 1.05.53 i den 8,4 km lange løypa med 1200 m stigning frå Turtagrø (868 moh) til Fanaråkhytta (2.068 moh). Ho sette rekorden under NM i motbakkeløp i 2007. Tilsvarande vil Jon Tvedt ( som døydde på tragisk vis 11. januar i 2009) for alltid bli ståande med løyperekorden på 57,18 frå 2008.

I fjor vart det sett i gong eit omfattande og spektakulært stibyggingsprosjekt i løypa opp til Fanaråken som pågår framleis. Prosjektet som er i regi av Statens naturoppsyn og Direktoratet for naturforvaltning blir utført av Sherpaer frå Nepal. Løypa blir nok totalt sett raskere sjølv om løpslengda er auka med 200m frå 8,4 til 8,6 km. Den spektakulære stien opp til Fanaråken er no ein attraksjon i seg sjølv. Det er utruleg kva Sherpaene har klart å få til med berre hendene og enkle hjelpemiddel som slegge og spett....

640_Anita_fotoChrPrestegaard

Biltetet ovanfor viser Anita forrige gong ho sprang og vann Buff Fanaråken Opp i 2008. Året før vann ho EM-gull i motbakkeløp og VM-gull i langdistansefjelløp...

Med det løpsnivået Anita viste i Mefjellet Opp sist helg er ho nok også favoritt til å vinne 1. premien på kr. 10.000 den 7. august i år sjølv om ho nok vil kunne få tøff konkurranse frå May Britt Buer , Gular. May Britt vann NM i Motbakkeløp i år og det fyrste løpet i Luster Dobbel Opptur, Molden Opp den 19. juni. May Britt er favoritt til å vinne samanlagtpremien på kr. 5.000 for Molden Opp www.moldenopp.no og Buff Fanaråken Opp. Der har ho Merete Helgheim , Gloppen som sin hardaste konkurrent.

Anita får også favorittstempelet i kampen om samanlagtpremien La Sportiva Dobbel Opptur for Buff Fanaråken Opp 7. august og La Sportiva Skåla 1848m rett opp 14. august www.skaala.no

640_1300moh_Foto_Christian_Prestegaard

Sherpaer frå Nepal har gjort ein kjempejobb med stien opp til Fanaråken også i år.

640_1420moh_ChrPrestegaard
640_OyvindHeibergSundby_FotoChristianPrestegaard

Øyvind Heiberg Sundby , Tjalve, vann Molden Opp 19. juni og er favoritt til å vinne samanlagtpremien "Luster Dobbel Opptur" , men når det gjeld Buff Fanaråken Opp blir han "Outsider".

David Schneider frå Sveits er favoritt til å vinne herreklassa , men han vil få hard konkurranse av årets NM-vinnar Øyvind Heiberg Sundby , Tjalve . Fjorårets NM-vinnar i motbakkeløp Hans Martin Gjedrem, Valldal vil også kunne kjempe om ei toppplassering. Hans Martin vann i vinter sitt andre NM-gull på 20-km skiskyting, men har ikkje hatt prioritet på løping i år.

I fjor vart David Schneider nr 3 i La Sportiva Skåla 1848m rett opp, kun slegen av Verdsmeistar Jonathan Wyatt og Kenyanaren John Sombol. David kjem no rett frå det store internasjonale motbakkeløpet Grossglockner Berglauf i Austerrike der han vart beste Europeiske løpar på 4 pl. bak 2 Kenyanarar og Jonathan Wyatt.

640_DavidSchneider_Photo_ChristianPrestegaard

David Schneider, Sveits, då han vart nr. 3 i fjordårets La Sportiva Skåla 1848m rett opp som var Grand Prix. Der slo David alle norske løparar med god margin. Øystein Sylta var nesten 3 min bak David. Det vil vere ein topp internasjonal prestasjon om nokon av dei norske løparane klarar å slå han i Buff Fanaråken Opp om ei veke den 7. aug, men det er mogeleg...også for Øyvind Heiberg Sundby i toppslag..

640_trimogkonkurranse_Fanaraaken2007_fotoChrPrestegaard

I år har arrangør IL Fanaråk hatt hovudfokus på å skape eit endå større lokalt engasjement og oppslutning om løpet. Buff Fanaråken Opp er finalen i Luster Dobbel Opptur der Molden Opp var det fyrste løpet. Molden Opp, 19. juni vart ein kjempesuksess med 750 deltakarar og mange av desse deltek også i Buff Fanaråken Opp.

Det har i år vore eit eineståande engasjement og oppslutning om motbakkeløp i Luster , og rundt om på Vestlandet ser stadig flere arrangørar, kommunar og verksemder at motbakkeløp opp på praktfulle fjelltoppar også er den flottaste PR som dei kan gje bygda, og heile den regionen dei bur i ! Skal du sjå kor flott naturen er så kan du ikkje stå nede i tronge dalar. Du må du OPP på toppane for å få utsyn, vidsyn og klarsyn ! Det ligg kraftfull symbolikk i dette ! Den aller beste illustrasjonen av dette finn vi i Luster Kommune der over 50% av dei tilsette i mange av dei største verksemdene som NTP, Luster Sparebank, Luster Energiverk og Statkraft deltek . Luster Kommune har ei målsetting om at 30% av dei tilsette skal delta i eit eller begge løpa i ”Luster Dobbel Opptur” Les meir om ”Luster Dobbel Opptur” i løpsinfoene på www.fanaraaken.comog www.moldenopp.no.
Medan påmeldingsfristen for konkurranseklassane er torsdag 5. august kl. 12.00 på www.fanaraaken.com så kan trimmarane melde seg på heilt fram til løpsdagen . I trimklassane er det etterpåmelding fram til kl. 09.00 ved starten på Turtagrø Hotel, og blir det flott vær kan det bli over 300 etterpåmeldingar på løpsdagen. Det ligg an til ny deltakarrekord med over 600 for i skrivande stund er 320 påmelde via nettpåmeldinga påwww.fanaraaken.com og det er venta minst 150 påmeldingar neste veke frå ulike verksemder i Luster og Sogn.
I dei aller fleste motbakkeløpa er det trimklassane utan tidtaking som er dei største. Trimklassene startar først og lagar ei fantastisk stemning på toppen når konkurranseløparane kjem stormande i mål. På Fanaråken er det venta at over 400 trimmarar vil lage reine ”Tour de France-stemninga” når over 200 konkurranseløparar kjem i mål 2.068 moh ved Nord-Europas høgast liggjande turisthytte Fanaråkhytta.
640_Hovudfunksjonaerar_FanaraakenOpp_FotoKarinVatne

Velkomen til den ÅTTANDE utgåva av Fanaråken Opp !

Foto Karin Vatne.
Nøkkelfunksjonærar som deltok på siste arrangementskomitee-møte 22. juli i Skjolden ønskjer velkomen til Buff Fanaråken Opp 7. august. Denne gjengen under leiing av den rutinerte løpsleiaren Anders Fortun er særs godt førebudd til å kunne gjennomføre eit nytt topp nasjonalt og internasjonalt arrangement i Norgestoppen også når det gjeld det arrangements-tekniske.Dette er det 8.de Fanaråken Opp som alltid har vorte prikkfritt arrangert. Over 60 funksjonærar vil være i sving den 7. aug. Nytt i år er elektronisk tidtaking. Alle deltakarar i konkurranseklassa skal i år bruke tidtakingsbrikke som skal festast på høgre fot. Nytt i år er også at det blir BRYGGEDANS på Skjolden Brygge www.skjolden-brygge.com etter løpet. For meir info sjå LØPSINFO på www.fanaraaken.com
Powered by Labrador CMS