Igjen klart for Hornindalsvatnet maraton 26. juli
Dei fleste hugsar "Dagmar" som vaska vekk vegen til den vesle bygda Otterdal i Hornindal. Bygda vart veglaus i 700 dagar. Vegen er bygd opp att med fast dekke og autovern. I hovudsak er det her den nye traseen for maratonløpet ligg. Både maraton, halvmaraton og 10 km vil gå her. Laurdag 26. juli er datoen for arrangementet.
Grunnen til omlegginga er rasfaren ved Kjøsahammaren i den tidlegare traseen. Også i år er dette den andre store styrkeprøven i juli i Hornindal. Ultraløpet Hornindal rundt vart arrangert første helga i juli. Hornindalsvatnet maraton blir i år arrangert for 23. gong.
Heimeside med informasjon om løpet
Vegen før og etter "Dagmar"
No skal det springast maraton her.......
PÅMELDING
NB ! Etterpåmeldingsgebyr etter 23. juli
PÅMELDE: (blir oppdatert kvar dag)
Maraton
Halvmaraton
10 km
Minimaraton
I år blir all startnummerhenting i Honndalshallen ved Hornindal idrettspark
VELKOMEN TIL HONNDALEN !