Marius Vedviks treningsår

Marius Vedvik
Marius Vedvik fekk velfortente blomar etter i fjor å ha sett løyperekord i Jølster halvmaraton med 1.06.27. (Foto: Bertine Moen)

Marius Vedvik – tilbake til treningskvardagen heime

Sidan førre oppdatering frå mitt treningsår har vinter blitt til vår, og Afrika blitt bytta ut med Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Marius Vedvik

Alder: 32 år
Bustad: Førde
Klubb: Førde friidrett 
Yrke: Online treningsvegleiar og vikarlærar 
Trener: Meg sjølv
Persar: 3.44,04, på 1500, 7.53,01 på 3000 m, 13.29,46 på 5000 m, 28.42,15 på 10 000 m og 1.04.14 på halvmaraton
Merittar: 10 individuelle NM-gull: 1 på 1500, 2 på 3000, 2 på 5000, 2 på halvmaraton, 2 i terrengløp kort løype og 1 på maraton, nordisk gull 10 000 m (2014), bronse nordisk terrengløp (2016), 14. plass EM 10 000 EM (2014), 15. plass EM innandørs 3000 (2017), 3 sigrar i Oslo Maraton (2016, 2018 og 2022), 5 sigrar i Holmenkollstafetten med Gular (2013, 2017, 2018, 2019 og 2022), 1 siger i Sentrumsløpet (2017)
(Foto: Arne Dag Myking) 

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 2-2025


30. januar reiste eg saman med Tore Akerlie og Åsmund Førde frå Dullstroom i Sør-Afrika. Vi hadde eit bra høgdeopphold og gjennomførte mykje god trening.

Der eg heldt igjen på intervalløktene dei første to vekene, så vart eg litt meir ivrig i veke tre, og tala på laktatapparatet vart litt høgare enn planlagt. Her justerte eg fint inn og trente litt rolegare og kortare nokre dagar slik at eg i veke fire fekk mine beste intervalløkter på leiren. For å illustrere kor stor forskjell det var frå veke ein til veke fire, så kan eg avsløre at snittet på 1000 meter-økta i veke ein var 3.23, mens det i veke fire var 3.10.

Tore og Åsmund var veldig god matching, og vi sprang i lag på det aller meste. Det er gull verdt både fysisk og psykisk å ha selskap på trening, og spesielt på intervalløktene.

Oppsummert hadde vi fe, intervalløkter i veka, og vi sprang 160-170 km. Team Trøndelag sette standarden på trening før Per Svela og Narve Nordås kom og la lista endå litt høgare. Det er inspirerande å sjå kor lista ligg, og når ein har ein av verdas beste 1500 meter-løparar til å plassere lista, så blir det ei brutal realitetsorientering. Dette gjeld både på quizkampen, terskel- og bakkeøkter.

Februar/mars

Etter lang reise og helg i Bergen var eg tilbake i Førde 2. februar. 3. februar var eg sett inn som vikarlærar på skule, og der har eg har jobba tett på 100 prosent i tre veker. Her blir det nok vesentleg mindre arbeid inn mot sesongen for min del for å optimalisere treninga, men det gir meg mykje å bidra når eg kan.

Dei første dagane etter eg kom heim merka eg at eg var litt sliten av ulike grunnar, men nivået på trening var etter kvart akseptabelt. Planen var å springe NM innandørs i Bærum, men nokre dagar før løpet vart eg dessverre forkjøla, og eg var ikkje i tvil om at det mest fornuftige var å stå over. Litt kjedeleg å stå over vinterens hovudmål, men det viktigaste for min del i 2025 er å nærme meg mitt eige toppnivå til sommaren, og då kan eg ikkje bryte kroppen meir ned enn at eg klarer å bygge den opp igjen.

Eg har tidlegare sprunge løp med forkjøling i kroppen, og det er absolutt ikkje å anbefale. Då kan det ta fleire veker før ein er tilbake igjen.

Etter sjukdomsperioden har kroppen vore litt sett tilbake, naturleg nok. Min umiddelbare tanke her har vore å legge vekk heilt fokuset på eventuelle konkurransar før mai for å komme tilbake på eit høgt treningsnivå igjen. Laurdag 1. mars sprang eg 6 x1000 meter på 3.01 med 4.4 i laktat, og det er eit godt stykke bak mitt toppnivå da eg tidlegare har vore i stand til å springe ned mot 2.50 i snitt med same laktat.

Heldigvis er vi framleis i starten av mars, og erfaringsmessig pleier treningsnivået å heve seg nokre hakk på våren. Betre springeforhold og meir dagslys er nok sentrale faktorar her då betre trivsel ofte fører til betre form.

Terskel

Hovudmålet for mars og april er å heve terskelfarten så mykje som mogleg. Som nevnt i førre innlegget i «Mitt treningsår», så er terskelfarten den farten ein held når det er likevekt mellom produksjon og eliminasjon av melkesyre. Sidan det er begrensa kor lenge ein kan springe med høge laktatverdiar, så gjelda det å trene terskelfarten til å bli best mogleg.

Her er variasjon og kontinuitet nøkkelord for å utvikle relevante eigenskapar. Ein kombinasjon av kortintervallar og langintervallar vil på sikt helst føre til betre terskelfart, og ein kan springe meir avslappa på det som nærmar seg konkurransefart.

Då eg i februar både vart sjuk og jobba mykje, så vart det mindre dobbel terskel enn i Sør-Afrika. No i mars og april blir det annleis, og eg tenker å gjennomføre mange doble terskeldagar med langintervall på føremiddagen og kortintervall om kvelden.

Som min gamle trener Asgeir Thomassen har vore klar på, så skal ein vere veldig forsiktig med å trene for hardt når terskelfarten ikkje er der den skal vere. Det gjeld spesielt litt seige langdistanseløparar som meg. Med det som bakteppe vil eg nok vente litt med dei aller hardaste øktene. Utvikling av terskelfart har prioritet nummer 1, 2 og 3 dei neste vekene.

Dersom ein ser på Jakob Ingebrigtsen og Narve Nordås, så kan dei springe veldig, veldig fort på langintervallar (6 minutt), kortintervallar (400-metrar) og på det midt i mellom (1000-metrar). Fordelen med kontrollert intervalltrening er at ein kan springe veldig mange kilometer i høg fart utan at det kostar for mykje. Dersom ein spring for fort på desse øktene, så vil det gå utover dei neste øktene, og då tar det ikkje lang tid før ein er overtrent/feiltrent.

Vegen vidare

Fokuset i mars og april er heilt klart trening og å bli konkurransedyktig når banesesongen startar i mai. I utgangspunktet er Holmenkollstafetten 10. mai og 3000 meter på Arne Risa Classic 14. mai dei neste løpa. Hovudmålet for sesongen er å vere første løpar frå ein klubb i Sogn og Fjordane som spring under 8.00 på 3000 meter. Eg har tolv løp under 8.00 for Gular, men ingen løp under 8.00 for Førde. 8.06,47 vart fasiten i 2024, så det skal absolutt vere mogleg.

Elles har eg framleis offisielt sett betre pers enn alle krinsrekordane i Sogn og Fjordane på 1500, 3000, 5000, 10 000 og halvmaraton, men alle persane er frå tida i Gular. Både mine egne klubbrekordar i Førde og dei andre krinsrekordane i Sogn og Fjordane er i bakhovudet når eg trenar inn mot ny sesong, og eg ser på det som veldig viktig å finne mål som man blir motivert av. Friidrettskrinsen i Sogn og Fjordane har mange gode utøvarar, både på junior-, senior- og veteransida, og dette er det inspirerande å vere ein del av.

Uansett er mi viktigaste oppgåve for året å komme ut av min eigen skygge frå gode gamle dagar (2014-2022). Det hadde vore utruleg stort å få kjent på mitt eige toppnivå igjen for moderklubben Førde friidrett. Det er eg villig til å legge ned ein god innsats for å få til.

Så lenge det er liv, er det håp.

0H3A6193
I Førde-drakt:Vi ser Marius Vedvik springe inn til ny løyperekord i Lustraløpet i fjor. (Foto Svein Tore Heltne)
Powered by Labrador CMS