Marte Hovland, Malin Hoelsveen
Marte Hovland og Malin Hoelsveen er dei norske deltakarane på 800 meter i U20-VM som no går føre seg i Lima, Peru.(Alle foto: Einar Børve)

Marte Hovland rauk ut, Malin Hoelsveen vidare på 800 meter i VM

Marte Hovland kom berre nesten vidare på tid, mangla berre to tiendels sekund.

Publisert Sist oppdatert

U20-VM går føre seg denne veka i Lima i Peru. Noreg stiller med ein stor tropp som tel 22 utøvarar.

Malin Hoelsveen har ei så sterk personleg bestetid på 800 meter, 2:01, så det var å forvente at ho tok seg greitt vidare til semifinalen frå dei innleiande heata. Marte Hovland hadde heilt klart ein god sjanse til å klare å komme seg vidare. Ho har ein pers på 2:07, og håpet å forbetre denne i dette løpet. Men det gjekk berre nesten.

I heatet til Marte Hovland var det kenyanske Sarah Moraa som sette fart og fekk ei god luke til resten av feltet, som ho heldt heilt til mål. Bak henne var det meir jamt, og då sluttspurten sette inn frå den siste svingen låg Marte Hovland på ein fjerdeplass. Men derfrå og inn glei dei som låg rundt henne i frå, ho enda til slutt på ein sjetteplass. Det gjekk så pass fort i dette heatet at ho som kom inn framfor henne kom vidare på tid. Marte Hovland mangla berre to tiendels sekund på å komme til semifinalen.
Marte Hovland kjende på at det nesten gjekk:

– Litt kjipt å vera 2 hundredeler fra semifinaleplass. Følte meg eigentleg veldig bra på forsøket i dag. Blei springane ein del på yttersida, for å ikkje bli sperra inne ved lista. Me opna litt roleg og so gjekk siste runden litt fort. Det blei ein litt for lang spurt for min del, som førte til at det sa litt stopp siste 100m der eg stivna veldig. Kom på 6. plass i heatet mitt.

– Det var dei 4 beste frå kvart heat som kom vidare + dei 4 beste tidene. Eg hadde den 5 beste tida.

– Men ny sjanse allerede i morgon då eg skal springe forsøk på 1500m. Det er eit tøft heat, men eg gledar meg, fortalte Marte etter sitt 800-meter forsøk.

Malin Hoelsveen hadde tydelegvis god kontroll på sitt felt. Ho plasserte seg eit stykke bak, og på veg inn i den siste svingen avanserte ho enkelt forbi på utsida av feltet og lét berre den italienske jenta få vere framfor seg i mål.

Resultater forsøksheat 800 meter kvinner

A7406859.jpg


Marte Hovland har plassert seg litt bak i feltet.

800 meter forsøk, heat 4:

A7406874.jpg
pos
bib
CountryAthlete
mark
details
1
774
KENSarah Moraa
2:05.11
Q
2
706
ITALorenza De Noni
2:06.02
Q
3
404
CANKyla Martin
2:06.20
Q
4
316
AUSFleur Cooper
2:06.80
Q
5
892
ROUClaudia Ionela Costiuc
2:07.35
q
6
830
NORMarte Hovland
2:08.57
7
446
CROElena Ban
2:12.40
795
MARSaida El-Bouzy
DNS


Malin Hoelsveen hadde tydelegvis god kontroll på sitt felt, og tok seg greit til semifinale i VM.

800 meter forsøk, heat 5:

pos
bib
CountryAthlete
mark
details
1
709
ITANgalula Gloria Kabangu
2:06.98
Q
2
828
NORMalin Hoelsveen
2:07.07
Q
3
465
CZEMarie Chovancová
2:07.29
Q
4
304
ARGIsabel Conde Frankenberg
2:07.54
Q
5
537
FINElle Ceder
2:08.18
q
6
937
SRBDunja Sikima
2:10.31
7
382
BRASabrina Gabrieli
2:10.87
8
656
HAIVictoria Guerrier
2:11.73

Se flere Kondis-saker fra U20-VM:

Powered by Labrador CMS