
Når det går så det susar
For ikkje så lenge sia kom det opp ei melding på Garmin-klokka mi om at eg nærma meg toppform, og at det var lurt å bruke den fine forma godt, for eg kunne ikkje rekne med at ei så god form ville vare særleg lenge.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 3– 2025
Bortsett frå at eg var i mi dårlegaste løpsform sia eg byrja på grunnskolen, så hadde Garmin heilt klart eit poeng: Den gode, lette kjensla (som eg altså ikkje hadde) kan fort forsvinne. All good things come to an end. Vi lever på dyr og kostbar tid. Og ofte går det bratt utfor når ein har vori høgt oppe.
Toppform året rundt
Heldigvis er ikkje alle toppar så veldig spisse. Jakob Ingebrigtsen ser ut til å vera i toppform året rundt, år etter år, og snart kan vi sikkert skrive tiår etter tiår.
I mai i fjor var eg oppe på den høgste toppen i Bohuslän, Björnerödspiggen, 222 meter over havet. Den levde på ingen måtar opp til namnet. Ingen pigg eller peak å sjå, berre slakt opp og slakt ned og så skogkledt at hadde det ikkje vori for tårnet på to etasjar, hadde eg knapt visst at eg var på ein topp. Men gjer du som Tobias – og turkamerat Terje – og klatrar opp i tårnet, kan du sjå milevis og langt inn i nabolandet i nord.
I år ser løpsbølgja ut til å nå stadig nye høgder. Folk spring omtrent overalt. På Voldsløkka i Oslo blir du sett rart på om du er galen nok til å springe medsols når hordane kjem imot deg motsols. Rundt Nordre Gravlund er regelen av einkvan grunn motsett. Spring du motsols der, vekkjer det fort oppstandelse.
Men det er ikkje berre i intervalløypene det er full trøkk. Folk spring gatelangs, i park og skog, langs havet, på møllene – til alle tider på døgeret, i all slags fart og i alle typar sko. Med og utan sekk på ryggen eller pulsbeltet rundt brystet.
Stadig større
Løpa blir fullteikna stadig tidlegare. Alle skal vera med, og brorparten av både små og store løp veks. Berre første helga i april vart det sett deltakarrekord i Drammen 10k, Fredrikstadløpet, Frostatingsløpet, Hamar Vårløp og på alle distansane i KRSUltra. Samstundes fullførte 536 norske løparar halvmaraton i Berlin og 533 same distanse i Praha.
Siste helga i april blir det enda fleire folk i farta med mellom anna Sentrumsløp i Oslo, City-Marathon i Bergen og Siddisløp i Stavanger på menyen.
Det er med andre ord bølgje. Ho rullar høgt. Ein kan mesta bli svimmel og undras om og når nedturen kjem – og om den vil bli brå.
Ein skal sjølvsagt ikkje ta sorgene på forskott. Sjølv har eg sprungi så lenge at eg har vori gjennom både opp- og nedgangstider før – utan at det har påverka verken treninga mi eller gleda over å springe.
Kondis har haldi på enda lenger, og bladet har kommi taktfast til medlemmane enten det har vori in eller ut å springe. I oppgangstider er det lett å tru at Kondis lever i beste velgåande sia det er så mange som spring, og som difor òg blir medlemmar. Men når løpebølgja rullar, er òg konkurransen frå andre aktørar hardare. Da er det brått attraktivt for omtrent alle mediekanalar å rapportere om trim og trening. Bladet som heitte nettopp «Trim og trening» vart for øvrig borte da den første store løpebølgja byrja å dabbe rundt 1990.
Ein påle
Om bølgja skulle flate ut og nedgangen komma, så vil det fort bli færre journalistar, podkastarar og andre influensarar som vil bry seg om løping. Vonleg vil Kondis halde stand slik både blad og organisasjon har gjort i tidlegare nedgangstider. Ein påle blir berre meir synleg når vatnet trekk seg tilbake.
For det er ikkje mindre viktig å røre på seg sjølv om færre gjer det. Det kan gi ein ekstra styrke å springe i motvind og svømme med straumen imot. Det gjeld å ikkje gi seg sjølv om leiken ikkje alltid er god.
Men inntil nedturen kjem, så er det berre å glede seg over at så mange vil vera med på både trening og konkurransar. Sjølv vurderer eg å finne meg eit løp å sesongopne i – trass i at forma er ti gonger dårlegare enn det Garmin-klokka vil ha det til.
Ser du meg, så er det i baktroppen – susande fram i mi eiga fart.
Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.