Varden på Gulfjellstoppen blir målet i det nye motbakkeløpet: Gullspretten. (Foto: Arne Dag Myking)
Varden på Gulfjellstoppen blir målet i det nye motbakkeløpet: Gullspretten. (Foto: Arne Dag Myking)

Nytt motbakkeløp til Bergens høgaste fjell: Gullspretten

Joel Dyrhovden og Samnanger IL meiner at Bergens høgaste fjell treng eit motbakkeløp, så no inviterer dei til løp opp til Gullfjellstoppen.

Publisert Sist oppdatert

Gullspretten er eit heilt nytt motbakkeløp i Bergen. Datoen er 17. august og fjellet er det høgaste innanfor Bergens kommunegrenser: Gullfjellet. Toppen her ligg 987 meter over havet, men starten går frå Gullbotn på 237 moh. Imellom desse punkta møter deltakarane 750 bratte høgdemeter, med passering av ei varderekkje som vitnar om det her har det ferdast folk i lang tid.

Det har tidlegare vore eit motbakkeløp til Gullfjellet, men dette gjekk opp frå den andre sida, ved Redningshytten. Gullspretten startar altså frå Gullbotn, ved hoppbakken.

Les mer om Gullspretten

Video fra løypetraseen

Initiativtager Joel Dyrhovden er ein av dei sprekaste motbakkeløparane her i landet. Han har mellom anna vunne Stoltzekleiven Opp i både 2009 og 2022, og han har representert Noreg i meisterskap i fjelløping og motbakke. Her frå årets Ulriken Opp, som han vann.
Logoen for Gullspretten.
Powered by Labrador CMS