Sylta/Danielsen delte seieren

Lindaas_Sylta_Danielsen_400pix

Praktfulle Lindås på 2. juledag!

Vinterpostkortstemning. Så enkelt kan ein skildra tilhøva under det 25. Romjulsløpet på Lindås. Kjersti Karoline og Øystein kom saman først over mål.

Publisert Sist oppdatert

style="text-align: justify">Kjersti Karoline Danielsen og Øystein Sylta kom saman over mål som vinnar av henholdsvis dame og herreklassen. Ikkje heilt vanleg, men gjer vel at sigeren kjem i historiebøkene som nett det - uvanleg siger i 2010. Tida vart 15.03 på begge. Gledeleg gjennsyn med Øystein Sylta etter ein operasjon. Skade som gjorde at han måtte bryta maraton under EM. - ...ei grei gjennomkøyring", uttalte han til avisa Nordhordland.

Bildet: Samboerparet Kjersti Karoline Danielsen og Øystein Sylta "delte" seieren i Romjulsløpet


Løpet gjekk for 25. gong under dyktig leiing av Atle Rød og hans gode medhjelparar.

Noko anna som og var uvanleg, var veret. 10-11 minus, vindstille, strålande sol frå skyfri himmel og mykje rein, kvit snø. Slikt ser ein til vanleg berre på postkort så nære Golfstraumen.

Underteikna har vore med ein gong før - for mange år sidan, og då løp me i høg snø. No var det godt brøytt og godt merka. Løypa er 3.83 km og går i Lindås sentrum. Veldig variert med flater og bakker både opp og ned. Start og mål på skuleplassen. I alt 88 deltok (og det utan å vera på terminlista i Kondis)! 26 sprang på tid.

Berre kr 50 i startpengar, og bra premiebord, og varm gløgg i gymsalen etter løpet. Og ein enkel, men hyggeleg atmosfære.

Takk til avisa Nordhordland og Randi Bjørlo for lån av bileta.

Tre raskaste kvinner:

1. Kjersti Karoline Danielsen 15.03
2. Maria Holmås 16.24
3. Marianne Ervik 18.56

Tre raskaste menn:
1. Øystein Sylta 15.03
2. Jon Harald Nævdal 16.00
3. Arild Austrheim 16.17


Alle resultater:

Nr.NavnTidStart nr.
Kvinner;
1Kjersti Danielsen15:0336
2Maria E. Holmaas16:245
3Marianne Ervik18:5018
4Rita Knarvik22:4038
Herrer;
1Øystein Sylta15:0330
2Bjørn Harald Nævdal16:008
3Arild Austrheim16:177
4Frode Røsland16:3025
5Roald Sletten17:216
6Roald Saltnes18:0640
7Bjørn H. Korsfur18:1448
8Bendik E. Holmaas19:131
9Ola Hilmar Ervik19:4317
10Torleif Brørvik20:0444
11Olai Nepstad20:0919
12Olav Knarvik20:5947
12Frode Wilkensen20:5953
14Tor Olav Jørgenvik21:3249
15Bjarne Jørgensen21:4514
16Are Flekke22:0816
17Gisle Sellevold22:1513
18Eirik Waage22:2124
19Trond Lauvås23:1322
20Nils Lauvås23:1429
21Magnus Elvik23:4351
22Kenneth Lauvås24;1123



Elin og Inger Hageberg


Med bikkja på romjulstur

Powered by Labrador CMS