Opp landets brattaste riksveg
Stalheimskleiva Opp 1. mai
Stalheimskleiva opp er fyrste løp i året Oppturcup Voss Oppturar og vert arrangert for 5. gong.
Dei andre løpa er: Hanguren Opp på Voss, Rimstigen Opp på Bakka og siste løpet er Hangurslia Opp på Voss. For å telja med i cupen samanlagt, må ein delta i tre av desse løpa. Sjå www.vossoppturar.no
Løypa i Stalheimskleiva Opp går opp landets brattaste riksveg. Løypelengda er 2000m med ei stigning på 280m
I år, som i fjor kan du delta i konkurransen Trippelen eller Hardhausen der utøvarane først syklar, deretter går opp på rulleski og til sist spring i sjølve motbakkeløpet. Arrangøren syter for transport til ny start, men har ei grense på 30 deltakarar i Hardhausen, så ver rask med å melde deg på. Resultatet kjem fram ved samanlagt tid for dei tre øvingane. Her deltek sterke utøvarar som Hilde Fenne –verdsmeister i skiskyting for junior i år (vann Oppturcupen i fjor) og Vebjørn Turtveit – norsk meister i langrenn junior + vinnar av norgescupen
Start sykkel kl 15.30. Start rulleski kl 16.00. Start løpet kl 16.30. ( Du kan delta i eit av løpa, i to eller alle tre).
Ta evt. kontakt med løpsleiar Gudmund Furu, tlf. 40476414, e-mail:gudmfuru@gmail.com