Kondis har fått følgende melding fra arrangøren Lærdal IL og deltaker Christian Prestegård.

En særs ivrig deltaker på blant annet mange motbakkeløp er Christian som fint oppsummerer til Kondis;
Kongevegløpet Galdane Rundt går i eit idyllisk landskap i ei tøff svært kupert rundløype på 8,7km på den historiske gamle kongevegen i Lærdal. Samla stigning på alle motbakkene i løpet er om lag 360m (total climb). Dvs at det også er 360 høgdemeter unnabakkar.  Arrangør Lærdal IL-Friidrett har for 6. gong klart å lage eit intimt og særs triveleg arrangement som i år samla 170 deltakarar med 70 i konkurranseklassa.  Det er imponerande at så mange møtte fram til denne gamle rasteplassen i Galdane i Lærdal med dei ekstreme værmeldingane som var før løpet. Værgudane spelte på lag med arrangøren og ga blaffen i værmeldinga og stoppa både regn og vind like før løpet. Det vart flott løpsvær med opphald og 11 grader.

Herreklassen,
Rune Opem, IL Dalebrand vann årets Galdane Rundt på tida 31:43 minutt. Han var nøyaktig tre minutt framfør Ivar Garpestad, Sogndal Langdistanselag. Tredje beste var Sondre Teigen Lillebostad, Sogn CK. Sondre vann fyrste året Galdane Rundt vart arrangert i 2013.

Dameklassa,
vart vunnen av Marita Hestetun, IL Jotun på tida 44:08 minutt.

640_Marita Hestetun. Nr 1. Foto Jerving.jpgHer er Marita omlag 1 km før mål ( Foto Jan Christian Jerving). Marita var eigentleg på jobb, men fekk fri nokre timar for å koma til Lærdal for å springe og vinne Galdane Rundt. Nancy Sommar, IL Varegg vart nr 2 20 sek bak. Ho kan skimtast i blått bak Marita på bildet med omlag same avstand som i mål. Nancy er «halvt» Lærdøl og ho trenar i alle fjell i Lærdal  heile sommaren. 

960_Nancy Sommer. Foto Elisabeth Grøtte Kollstad (2).jpgNancy Sommer i den siste unnabakken før mål . Nancy som i Galdane Rundt representerer Lærdal IL er "normalt" med i Varegg i Bergen. Foto Elisabeth Grøtte Kollstad. 

Tredje raskaste dame var Åslaug Golf Kaardal , Lærdal IL. Ho er i mammapermisjon, men tok pause i amminga, for å springe løpet ho har vunne to gonger tidlegare.

Utruleg kjekt at ungdommen sprang  på tid, slik at rekrutteringa er sikra. Gledeleg og at det kom mange langvegsfarande, samtidig som dei lokale stilte opp.

Gubbetrimmen,
i Jølster ved sjefstrenar Johnny Solheimsnes stilte med 15 deltakarar fordelt på tid og mosjon. Gubbetrimmen brukar å ha sesongavslutning og sesongstart med Galdane Rundt. På laurdagskvelden har dei årsmøte og ligg på hotell i Flåm.

Ekstremværet Knud herja rundt på kysten, men i Lærdal var det opphald og fine forhold under løpet. Det hadde rett nok regna før løpet og værmeldingane var sånn passe, men det var opphaldsvær og gode temperaturar mens arrangementet pågjekk.

Heile 70 sprang på tid og 100 deltok i mosjonsklassa, noko me arrangørane  var svært  fornøgde med.  Stemninga og tilbakemeldingane var veldig gode.

Tusen takk for deltakinga og vel møtt til neste års Galdane Rundt, Norges finaste terrengløp!
avslutter Bjørghild Holien,  leiar i Friidrettsgruppa i Lærdal IL.

Resultater på EQ timing. 

960_Alle klassevinnarar. Galdane Rundt 2018. Foto Frank Nyheim.jpgAlle Klassevinnarar. Foto Frank Nyheim

960_Start. Foto Jerving.jpgFrå starten. Foto Jan Christian Jerving

960_Olav Terum.Nr1M55.Foto_Jerving.jpgOlav Terum, Aurland IL. Vinnar i klasse M55-59. Foto Jan Christian Jerving

640_Anne Tråve. Foto ElisabethGRøtteKollstad.jpgAnne M. Tråve. Lærdal IL er 63år, men vart raskaste dame over 50år. Før ho starta i løpet var ho travelt oppteken som arrangør med m.a. utdeling av startnummer. Foto Eliasbeth Grøtte Kollstad.

960_Per Ove Walaker. Nr 1 M45.Foto EGK.jpgPer Ove Walaker, IL Fanaråk, vann klasse M45 og vart nr 5 totalt. Foto Elisabeth Grøtte Kollstad

640_Knut Blaaflat Evjestad. Yngre Rekrutt. Foto EGK.jpgEin av dei yngste i Galdane Rundt som fekk delta i klasse Yngre Rekrutt med tidtaking var Knut Blaaflat Evjestad, Lærdal IL. Foto Elisabeth Grøtte Kollstad

640_Opem over brua i Galdane. Foto Jan Chr Jerving.jpg.jpgDette fotoet av raskaste løpar Rune Opem som passerer brua i Galdane vart teke av Jan Christian Jerving som stod omlag 100 høgdemeter ovanfor Opem i løypa på Kongevegen på andre sida av Lærdalsleva.

960pk_Frank og Christian. Foto Jan Christian Jerving.jpgNyutnevnt Kondis-ambassadør Christian Prestegård (Tidl. Kondis-president og mangeårig styremedlem i Kondis) til venstre med Galdane Rundt-kruset som klassevinner i M60 er sammen med sitt søskenbarn Frank Nyheim (47år) fra Sogndal. Christian forteller til Kondis.no at Frank løp Oslo Maraton en uke før Galdane Rundt og han startet med løping for 4 år siden som er like mange år som han har deltatt i Galdane Rundt der han som mange andre stortrives. Foto Jan Christian Jerving

På Facebooksiden Galdane Rundt er det lagt ut over 100 foto fra løpet i går. Se også Kondisreportasjen fra 2017.