
Mefjellet Opp blir arrangert som planlagt 28. juni
Det er opna for inntil 200 deltakarar i konkurranseklassane i løpet som i fjor vart arrangert som NM i motbakkeløp. Løpet vert gjennomført med intervallstart. Deltakarane vert seeda der dei beste løparane frå fjoråret startar først. Dei som ikkje har resultat frå Mefjellet opp vert seeda med skjønn.
Mefjellet opp vert i år arrangert for 14. gong. Løpet startar heilt nede ved fjorden i Fjørå på Sunnmøre og går til toppen av Mefjellet. Då har løparane lagt bak seg 1100 høgdemeter og ein distanse på knappe 7 kilometer. Løypa går på asfalt, skogsti, seterveg med grus og gras og siste delen til toppen går i fint fjellterreng. Arrangementet har og eiga mosjon/turklasse som startar tidlegare enn dei som spring på tid.
For meir info, påmelding og tilgang til facebook-sida, sjå nettsida til Mefjellet Opp

Startområdet er nede ved sjøen på Fjørå i Valldal