Pressemelding frå Dag Einar Bøtun i Mensen Ernst Minneløp: 


Løparkongen vår - Mensen Ernst

Har du høyrd om nordmannen Mensen Ernst? Ein sogning med eit så utruleg løpartalent at somme trudde han berre var ei myte. Noregs første toppidrettsutøvar vaks opp i Fresvik i byrjinga av 1800-talet, og forbløffa ei heil verd med sine løpeprestasjonar. 

Han var kanskje mest kjent for sitt fantastiske løp frå Paris til Moskva, ein distanse som tilsvara 2500 km. Mensen Ernst var overtydd om at han kunne fullføra distansen på 15 dagar. Løpet fekk stor merksemd, og enorme pengesummar kom i omløp kring veddemål om storløparen kunne klare det han lova. Den 11. juni 1832 stod ”heile Paris på hovudet” då Ernst la ut på sprang.
 
Og imponerande nok, 14 dagar seinare var Mensen Ernst framme i Moskva. Då hadde han tilbakelagt ein gjennomsnittleg distanse på 178 km i døgnet. Det vil vera omtrent som å springe frå Oslo til Lillehammer, kvar einaste dag i to veker. Løpet er såpass godt dokumentert at det ikkje er grunn til å tvile på at hendinga fann stad. 

Det neste tiåret haldt fresvikjen fram med å vise sitt unike talent for langdistanseløping. Blant anna sprang han München - Nauplia på 2700 km og Istanbul - Calcutta tur-retur på utrulege 8300 km. 

På nyåret 1843 la Mensen Ernst nok ein gang ut på sprang. Denne gong på oppdrag for å finne Nilen sine kjelder. Aust-Afrika var framleis eit av dei store ukjente områda på verdskartet. Tropesjukdommar, uframkommelege sumpområde og fiendtlege lokale stammer gjorde det ”umogleg” å komme fram. Og for første gong lyktest ikkje nordmannen med å nå sitt mål. Ernst vart smitta av dysenteri og døydde 22. januar i Syene ved breidda av Nilen, 47 år gammal. 

I dag er storløparen gløymt av dei fleste, men ikkje alle. Kvar sommar blir det i Fresvik arrangert Mensen Ernst Minneløp. Her kan ein springe i fotspora til løparkongen gjennom løyper som alle er oppkalla etter dei  største bragdene hans. Distansane er naturleg nok korta betrakteleg ned, og storbyane er bytta ut med vakker vestlandsnatur. Mensen Ernst var ein mann som sprang av rein rørslekjærleik, og på same måte blir han kvart år heidra i heimbygda gjennom fokus på rørsleglede, god stemning og personleg meistring. 

Ønskjer du å læra meir om Mensen Ernst? Som til dømes om kvifor han drakk vin på løpeturane sine, og korleis han kunne vera så eksepsjonelt god til å navigera? Eller korleis han klarte å skaffe tusenvis av tilskodarar på løpa sine, og bli kjent over store delar av Europa? Då kan du besøka heimesida til Mensen Ernst minneløp, eller Facebook-sida til Mensen Ernst Minneløp. Elles kan me også anbefala boka "Løparkongen Mensen Ernst" av Bredo Berntsen.  

Mensen_Ernst_loypene.jpgMensen Ernst Minneløp vil i 2018 by på fire ulike løyper frå 1,5 til 12 km. Dei vil vera oppkalla etter nokre av dei lengste turane som Mensen Ernst sprang. Løpet går laurdag 30. juni. 

Mensen_Ernst-steinen.jpg
Denne store steien står på Modig stadion til minne om løparkongen Mensen Ernst. Steinen vart avduka av Bredo Berntsen i 1987, og dette var også første gong Mensen Ernst Minneløp vart arrangert.