Sunnfjord Ultra var ett av tre nye norske ultraløp som ble arrangert denne helgen, de andre var Hardangerjøkulen Ultra og Meldal 6-timers. Ultraløpet hadde start i Førde og gikk på svært varierende underlag til Rivedal 5 mil lenger vest ved  Dalsfjorden.

- Nå skal løpet evalueres for å se om det blir nye løp de neste årene, sier løpsleder og deltager Terje Lyngstad 

Arrangøren har sendt oss denne rapporten:
Laurdag 13. juli gjekk det første Sunnfjord Ultra 53 km av stabelen. Løpet som gjekk frå Førde sentrum til Rivedal Galleri hadde 12 deltakarar, ni menn og tre kvinner.

Vinnar blant herrane vart Arvid Haugen frå Dale i Sunnfjord på den sterke tida 5.48,21. Haugen vart tett følgt av ungararen Gergely Hamar, som gjekk i mål på 5.55,27.

Arvid_Haugen_vinner.jpg
Arvid Haugen. (Arrangørfoto)

På kvinnesida vart det delt førsteplass mellom mor og dotter, Edna Boge Leikvoll og Mailinn Leikvoll. I den svært krevjande løypa er 7.29,47 ei sterk tid.

Mor_datter_Leikvoll_vinnere.jpg
Målgang for mor og datter Leikvoll og Bjarne Otto Lyngbø. (Arrangørfoto)

Den 53 km lange løypa har ein profil som innheld det meste ei løp kan by på. Løparane må forsere rundt 2000 høgdemeter frå by til bygd, frå fjord til fjell fleire gonger, gjennom skog og kratt, på asfalt, grus, sti, svaberg og myrer.

Løypa startar på asfalt, men går raskt over på grus i om lag 11 km. Dei første fem km går frå 0 til 385 m.o.h. Frå 11 til 30 km er det bilveg og asfalt langs den vakre Dalsfjorden, før ein støylsveg avløyser asfalten i tre km.

Frå 34 km går løpet over i terreng. Dei første 10 km i terrenget er i følgje løparane noko av det mest krevjande dei har vore ute for. Det er få stader det er muleg å springe. Sjølv om heile terrengdelen er raudmerka sti, er det krevjande å finne fram. Resultatlista vitnar om at fleire sprang saman, og rapportane frå løparane fortel at det var nødvendig for å unngå å springe feil for ofte.

Terje_Lyngstad.jpg
Terje Lyngstad langs Dalsfjorden. Foto: Rolf Årdal)

Dei siste åtte km går frå DNT-hytta Nipebu til Rivedal, der stien er lettare å finne, og der løypa går frå dryge 500 til 0 m.o.h. Forholda var svært gode gjennom heile dagen. Temperaturen var rundt 20 grader, og ein svak motvind frå vest sytte for at løparane ikkje fekk det alt for varmt.

Det sosiale fellesskapet og naturoppleving stod i sentrum for arrangementet. I Rivedal vart det servert betasuppe etter kvart som løparane kom i mål, og etter premieutdelinga om kvelden vart det servert grillspyd med hjortekjøt som middag til rundt 30 deltakarar og gjester. Alle nye løp må evaluerast, og spørsmålet om det blir nytt løp neste år har enno ikkje fått eit svar. Tilbakemeldingane frå løparane er svært gode, men det finst rom for forbetringar. Den viktigaste er å sikre av deltakarane blir endå meir trygge på korleis dei skal meistre å finne fram i terrenget dei siste 20 km.

Fra_Løypa_foto_Rolf_Årdal.jpg
Motiv fra løypa. (Foto: Rolf Årdal)

RESULTATER:

Kvinner:    
1. Edna Boge Leikvoll K55-59 7:29:47
1. Mailinn Leikvoll K30-34 7:29:47
3. Eva Hamar K25-29 9:10:35
     
Menn:    
1. Arvid Haugen M45-49 5:48:21
2. Gergely Hamar M25-29 5:55:27
3. Bjarne Otto Lyngbø M55-59 7:29:47
4. Per Arvid Høyum M30-34 8:11:19
5. Janos Kozma M35-39 9:10:35
6. Bjarte Reed M50-54 9:52:00
7. Rolf Årdal M50-54 9:53:36
7. Terje Lyngstad M50-54 9:53:36
9. Rune Vindheim M45-49 10:55:00

Sunnfjord Ultra på facebook